Kva er bortebuarstipend?
Bortebuarstipend er ei støtteordning til elevar som ikkje kan bu heime medan dei er i vidaregåande opplæring.
Det er ikkje tilstrekkeleg at du har lyst til bu for deg sjølv.
Du kan berre få bortebuarstipend dersom
- det er meir enn 40 km mellom heim og skole, eller
- du bruker meir enn tre timar om dagen på å reise til og frå skolen , eller
- det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der
Stipendet blir ikkje behovsprøvd
Verken inntekta til foreldra dine eller di eiga inntekt påverkar kor stort bortebuarstipend du kan få.
Slik søker du
Det er ikkje ein eigen søknad om bortebuarstipend. Når du søker om stipend til vidaregåande skole, må du krysse av for at du skal bu borte. Vi vurderer då om du har rett til bortebuarstipend.