Flyktning utan ungdomsrett

Kven kan få flyktningstipend?

Du må
  • Vere registrert med flyktningstatus hos UDI
  • Ta grunnskole eller vidaregåande skole
  • Ikkje få introduksjonsstønad samtidig som du får flyktningstipend
  • Ikkje bu på asylmottak

Flyktningstipend

Flyktningar som ikkje får introduksjonsstønad samtidig kan få flyktningstipend i inntil tre år.

Kva er flyktningstipend?

Flyktningstipend er ei eiga støtteordning til flyktningar i grunnskole eller vidaregåande opplæring. Flyktningstipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, , blir eit stipend i staden.

Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du er med i introduksjonsprogram.

Du kan få flyktningstipend i tre år

Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innanfor ein periode på 6 år etter datoen du fekk innvilga vern. Kor mange år du kan få stipendet avheng derfor av kor raskt du begynner i utdanning etter at du fekk vern.. Begynner du på utdanninga innan tre år etter du fekk vern, kan du få flyktningstipend i tre år, men begynner du for eksempel i utdanning etter fem år, kan du berre få eitt år med flyktningstipend.

Perioden du kan få flyktningstipend kan bli utvida frå seks til åtte år om du har barn eller om du får barn i perioden du får flyktningstipend. Dette gjeld også om du skal ta grunnskoleopplæring før du begynner på vidaregåande. Då kan du likevel få flyktningstipend i tre år sjølv om du ikkje begynte i utdanning før etter fem år.

Gå til søknaden

Har du inntekt kan stipendet bli gjort om til lån

Har du trygdeinntekter på over 100 863 kroner i 2020, må du betale tilbake flyktningstipend

Flyktningstipendet er behovsprøvd mot inntekta og formuen din. Det betyr at om du har inntekt, formue eller trygd over grensene, blir stipendet ditt gjort om til eit lån som du må betale tilbake.

Er du gift, kan stipendet bli redusert om du og ektefellen din har ei samla formue over grensa.

Vi sjekkar kor stor inntekt og formue du har

Lånekassen får informasjon om kor stor arbeidsinntekt, formue og trygd du har hatt kvart år du får flyktningstipend. Informasjonen om inntekta di bruker vi til å sjekke om du har rett til å behalde stipendet ditt. Du får eit brev frå oss når vi har kontrollert inntekt og formue.

Grenser for inntekt og formue

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 50 000 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 100 000 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån. Men dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Aktuelt regelverk