Vidaregåande skole utan ungdomsrett
Når du ikkje lengre har ungdomsrett får du ikkje stipend på same måten som på vanleg vidaregåande, men at du tar opp eit lån.
Du får basislån, og skolepengelån dersom du må betale skolepengar. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.
Du kan få lån og stipend i åtte år
Du kan få lån og stipend i totalt åtte år til utdanning du tar utan ungdomsrett. Lån og stipend til vidaregåande skole utan ungdomsrett vil telje med i dei åtte åra. Det gjeld også om du studerer på deltid, eller du ikkje søker om maksimalt lån.
Søknadsfristar
Du må ha ein skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Behandlingstid
Dei aller fleste søknadane blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan det ta lang tid å behandle. Pass på å søke så tidleg som mogleg, slik at du har pengane første utbetaling på konto når semesteret begynner.
Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning
For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale. Det tar cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.