Vaksenopplæring
Til vaksenopplæring kan du få basislån.
Basislån er det alle studentar kan få, og det er namnet på det dei fleste kallar studielån. Som elev med vaksenrett i vaksenopplæring kan du få basislån på inntil 112 290 kroner for heile året, dersom du er fulltidselev.
Skal du betale skolepenger kan du også få et skolepengelån.
Utdanning på deltid fører til redusert lån
Kor mykje lån og stipend du kan få frå Lånekassen, er avhengig av om du tar utdanning på fulltid eller deltid, og når du tar utdanninga. Vi bereknar deltidsprosenten din ut frå kor mange fag du er meld opp til, og kor mange årstimar faga utgjer.
Tar du vaksenopplæring og har vaksenrett, kan du få støtte til fulltidsutdanning sjølv om du har fritak frå kroppsøving.
Skolen din kan hjelpe deg med å berekne kor stor deltidsprosenten din er.
Søknadsfristar
Du må ha ein skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Lånet er rentefritt så lenge du får støtte til fulltidsutdanning
Du må starte å betale på lånet når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning, og lånet er rentefritt dersom du får støtte til å studere på fulltid.