Lærling med ungdomsrett

Veileder borteboer lærling

Kvinnelig lærling klipper hår på kunde

Lærling

Er du lærling med ungdomsrett, får du stipend etter dei same reglane som elevar på vidaregåande, med nokre unntak.

Du kan berre få bortebuarstipend dersom

lærlinglønna di er under grensa og du oppfyller minst eitt av vilkåra nedanfor:

  • Det er meir enn 40 kilometer mellom foreldreheimen og lærebedrifta.
  • Du bruker meir enn tre timar tur-retur kvar dag på å reise frå foreldreheimen til lærebedrifta.
  • Det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der.

Særlege forhold vil seie sosiale eller personlege ting som gjer at du blir hindra i utdanninga, dersom du blir buande heime.

Lærlingar får ikkje utstyrsstipend

Som lærling får du ikkje lenger utstyrsstipend, slik du gjorde då du gjekk på vidaregåande skole.

Svært få lærlingar får inntektsavhengig stipend

Inntektsavhengig stipend er eit stipend til elevar frå familiar med svak økonomi. Kor stort stipend du kan få, er mellom anna avhengig av lærlinglønna di. Grensa for kor høg lærlinglønn du kan ha og fortsatt få inntektsavhengig stipend, er så låg at det er svært få lærlingar som får det.

Du får utbetalingar i 11 månader

Lærlingar får utbetalt stipend for 11 månader i året, i motsetnad til elevar i vanleg vidaregåande, som berre får stipend for 10 månader. Du kan få stipend frå august til juni, men du må framleis hugse å søke kvart år.

Ungdomsrett

De fleste lærlingar har ungdomsrett.

Gå til søknaden

Har du svært låg lærlinglønn?

Nokre få
lærlingar
får ekstra stipend

Dersom du har ei lærlinglønn som er mindre enn cirka 5 600 kroner i månaden, og du kjem frå ein familie med svak økonomi, kan du ha rett til inntektsavhengig stipend.

Stipendet er behovsprøvd mot lærlinglønna

For at du skal kunne få inntektsavhengig stipend som lærling, må foreldra dine ha inntekt under grensene i forskrifta, samtidig som lærlinglønna di må vere svært låg.

For kvar krone du har i lærlinglønn, blir det trekt 60 øre frå beløpet du kan få i inntektsavhengig stipend. Det vil seie at dersom du har ei lærlinglønn på meir enn cirka 5 600 kroner i månaden, får du ikkje stipendet.

Les meir om inntektsavhengig stipend.

Er du over 18 år og vil ta opp lån?

Du kan låne inntil
3 399 kroner
per månad dersom du bur borte

Dersom du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du låne inntil 3 399 kroner i månaden.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekt. Det betyr at du kan få lånet uavhengig av kor mykje du eller foreldra dine tener.

Lånet må betalast tilbake

Dette er eit lån som du må betale tilbake. Når du ikkje lenger får stipend og lån frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet, og du må betale tilbake. Du må betale heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om lån. Når du søker om vanleg stipend og kryssar av for at du bur borte, får du spørsmål om du vil søke om lån også.

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 51 150 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 102 300 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån. Men dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk