Lærling utan ungdomsrett

Mannlig lærling med kappsag

Kor mykje kan eg få?

Er du lærling utan ungdomsrett, eller "vaksenlærling", kan du få inntil 126 357 kroner i lån for heile skoleåret.

Når du er vaksen, får du basislån

Basislån er namnet på det dei fleste kallar studielån, og som alle studentar kan få. Som lærling utan ungdomsrett kan du få eit basislån på inntil 126 357 kroner for heile året, dersom du er lærling på fulltid.

Du får lån rekna ut frå stillingsprosenten din

Dersom du jobbar deltid som lærling, får du redusert lån.

Lånet er rentefritt så lenge du får stipend og lån til fulltidsutdanning

Du må begynne å betale på lånet når du ikkje lenger får stipend og lån til fulltidsutdanning. Lånet er rentefritt så lenge du får utdanningsstøtte til å studere på fulltid.

Du får utbetalingar i 11 månader

Lærlingar får utbetalt lån for 11 månader i året. Du kan få stipend frå august til juni, men du må framleis hugse å søke kvart år.

 

Gå til søknaden

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 51 150 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 102 300 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån. Men dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sidan av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 3 922 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om nedsett funksjonsevne

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
102 300
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 102 300 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 204 600 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Inntil
40 %
kan bli stipend

Inntil 40 prosent av lånet kan bli til stipend

Delar av basislånet ditt kan bli gjort om til stipend dersom du består utdanninga di og har inntekt, formue og trygd under grensene.

Etter at du har bestått fagbrev eller sveinebrev kan delar av lånet bli gjort om til stipend. Stipend er pengar du ikkje treng å betale tilbake. Det du sit igjen med i lån etter omgjering må du betale tilbake.

40 prosent av basislånet kan bli stipend

Består du utdanninga og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjord om til stipend. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om. I 2021 er inntektsgrensa 195 295 kroner for deg som får lån heile året. Les meir om grenser for inntekt, formue og trygd.

Bur du heime hos foreldra dine får du ikkje omgjort lån til stipend.

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend.

Omgjeringa skjer først året etter du er ferdig.

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skattefastsetjinga din er klar for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Les meir om omgjering

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk