Søknad om stipend og lån til utveksling i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Som regel hentar vi automatisk inn stadfesting på at utvekslingsopphaldet ditt er førehandsgodkjend. I somme tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Skal du betale skolepengar til den utanlandske lærestaden, må du leggje ved dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Bur du heime i studieåret 2020-2021 på grunn av koronapandemien?

Dersom du studerer i utlandet, men bor mellombels i foreldreheimen i studieåret 2020‒2021 på grunn av koronapandemien, blir du ikke rekna som å bu saman med foreldra dine.

Kravet om å opphalde seg på lærestaden gjeld ikkje dersom ei utdanning som normalt er stadbasert, blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert studieåret 2020‒2021 på grunn av koronapandemien.

Dersom du skal studere i utlandet og ikkje kan opphalde deg på lærestaden ved studiestart på grunn av koronasituasjonen, skal du derfor likevel svare ja på følgande spørsmål i søknaden: «Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga?».

Gå til søknaden