Søknad om lån og stipend til gradsutdanning eller enkeltemne i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gang, må du sende inn:

  • Endelig opptaksbrev uten faglige vilkår fra lærestedet
  • Bekreftelse fra lærestedet som viser hvor mye du eventuelt skal betale i skolepenger

Hvis du allerede er student i Norden og skal fortsette utdanningen, må du ha sendt inn skjema for Årlig kontroll for forrige studieår.

Joint degree

Dersom du tar ein joint degree (samarbeidsgrad mellom fleire lærestader) og du er student ved ulike lærestader i løpet av graden din, skal du alltid søke om lån og stipend til den utdanninga og den lærestaden du er student i perioden du søker for.

Kan du ikkje reise til studiestaden på grunn av koronapandemien?

Ver oppmerksam på regelunntaka som gjeld deg. Det betyr at du skal svare slik dersom du får desse spørsmåla i søknaden:

Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga? Du skal svare Ja.

Bur du i same hus eller leilegheit som ein av eller begge foreldra dine i studieåret? Du skal svare Nei

Skal du ta utdanning som berre går føre seg på nett? Du skal svare Nei

Årsaka er at reglane er mellombels endra på grunn av koronapandemien. Kravet om å opphalde seg på lærestaden gjeld ikkje dersom ei utdanning som normalt er stadbasert, blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert hausten 2021 på grunn av koronapandemien.

Vanlegvis er det berre studentar som bur borte som kan få stipend. Du har likevel rett stipend, dersom du på grunn av koronapandemien bur mellombels hos foreldra dine.

Årets søknad
2021–2022

No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2021–2022.

Søknadsfristen er 15. mars 2022.