Dokumentasjon ved gradsstudium i Norden

""

Dokumentasjonskrav

Når du søker om stipend og lån til ei ny utdanning i utlandet, altså den første gangen du søker til den utdanninga, må du sende inn dokumentasjon på opptak og skolepengar.

Du må oppfylle krava til tilknyting til Noreg når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet. Dette er relevant for deg som enten er norsk statsborgar og har vore busett i utlandet i lengre tid, eller for deg som er utanlandsk statsborgar.

Det er krav til dokumentasjon både når du søker om stipend og lån for første gang til ei utdanning, undervegs i gradsutdanninga di og etter du er ferdig.

Når du søker første gang

Når du søker om lån og stipend til ei ny utdanning i eit anna nordisk land, altså den første gongen du søker om støtte til den aktuelle utdanninga, må du sende inn dokumentasjon på opptak og eventuelle skolepengar.

Du må sende inn endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden. Har du fått eit opptaksbrev med faglege vilkår, må du vente med å søke til du har fått tilsendt eit nytt og endeleg opptaksbrev frå lærestaden, fordi vi ikkje godta eit slikt opptak.

Opptaksbrevet må vise namnet ditt, kva grad du skal ta, for eksempel bachelorgrad, at du studerer på fulltid, fagretning og lengd på graden med forventa avslutning.

Skal du betale skolepengar, må du sende inn stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du skal betale.

Lån og stipend til skolepengar frå Lånekassen skal berre dekke faktiske skolepengar. Det vil seie avgifter som er direkte knytt til undervisninga. Det er derfor viktig at stadfestinga du sender inn på kor mykje du skal betale i skolepengar, ikkje inneheld andre avgifter.

Du må oppfylle krava til tilknyting til Norge når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet. Dette er relevant for deg som enten er norsk statsborgar og har vore busett i utlandet i lengre tid, eller for deg som er utanlandsk statsborgar.

Undervegs i utdanninga

Du må dokumentere fagleg progresjon og eventuelt betalte skolepengar kvart år når du er gradsstudent i utlandet. Du får tilsendt eit skjema frå oss, der lærestaden din må fylle ut følgande punkter:

Lærestaden skal stadfeste fagleg progresjon for det aktuelle kalenderåret. Har du stroke på eksamen, skal lærestaden opplyse om det i skjemaet. Dersom du ikkje har avlagt eksamenar ennå, skal lærestaden din oppgi om du er fagleg i rute.

Stadfesting på at du har vore fulltidsstudent i perioden vi spør om. Og fram til datoen skjemaet blir utfylt.

Har du betalt skolepengar, må skjemaet vise kor mykje du har betalt for både hausten og våren. Betaler du i avdrag til lærestaden, må du vente med å sende inn skjemaet til heile skolepengebeløpet er betalt.

Gir lærestaden din deg for eksempel eit brev i staden for N-skjemaet, kan vi godta det. Brevet må innehalde dei same opplysningane som skjemaet og vere retta til deg personleg.

Når du er ferdig med graden din

Når du er ferdig med utdanninga må du sende oss dokumentasjon for å få omgjering av lån til stipend.

Du må sende inn dokumentasjon på kva fag du har bestått og kor mange ECTS, credits eller tilsvarande. Dokumentasjonen må også vise om du har oppnådd ein grad.

Du må sende inn dokumentasjon frå lærestaden som viser kor mykje du har betalt i skolepengar det siste året.