Lån og stipend for å gå på folkehøgskole i Norden
Studentar på folkehøgskole i Norden kan få basislån og i nokre tilfelle skolepengelån.
Kva er basislån?
Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån. 40% av basislånet kan bli gjort om til stipend seinare.
Du får ikkje ekstra lån til å dekke utgiftene ved linja du skal gå på, eller til reise.
Kven kan få skolepengelån?
Du kan berre få lån til skolepengar dersom du må betale skolepengar til folkehøgskolen. Opphaldsbetaling som skal dekke kost og losji blir ikkje rekna som skolepengar. Det er vanleg med skolepengar i Danmark, men det er ikkje vanleg med skolepengar i Sverige.
Kor mykje skolepengelån kan du få?
Satsen for skolepengelån er maksimalt 66 604 kroner for eitt heilt studieår. Er kurset kortare får du mindre, og du kan aldri få meir enn det du faktisk må betale i skolepengar.
Kor mange månader kan du få lån og stipend?
Du får lån og stipend i mellom fire og ti månader, avhengig av kor lenge kurset varer. Dersom kurset varer i for eksempel fem og ein halv månad, får du fem og ein halv månad med lån og stipend. Vi rundar opp til nærmaste halve månad. Dersom kurset varar i mindre enn fire månader har du ikkje rett på lån og stipend.
Kven kan få lån og stipend til folkehøgskole i Norden?
Får du opptak på en folkehøgskole, kan du få lån og stipend sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse. Det er eit unntak frå regelen om krav til generell studiekompetanse for studiar i utlandet.
Du må ha tilknyting til Noreg for å lån og stipend til utdanning i utlandet. I utgangspunktet må du vere norsk statsborgar, men visse EØS- eller EFTA-borgarar og familiemedlemmene deira kan også ha rett til lån og stipend.
Kva folkehøgskoler er godkjente?
Du kan berre få lån og stipend til offentleg godkjente folkehøgskolar som gir rett til lån og stipend i «Lånekassen» i det landet du skal gå på folkehøgskole. I Danmark finn du ein oversikt over godkjente folkehøgskolar på hojskolerne.dk.
Du kan berre få lån og stipend til kurs som varer minimum 4 månader.
Må eg betale renter på lånet?
Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning
For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.
Når kan du søke
Du må ha fått plass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er:
- 15, november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret