Unntak frå inntektsgrensa

På grunn av koronapandemien kan studentar som jobbar i enkelte sektorar tene over inntektsgrensa utan å tape stipend. Unntaket er videreført for helse- og omsorgssektoren i heile 2022, og nytt for barnehage- og skolesektoren i 2022.

Slik send du dokumentasjon

Du skal berre dokumentere dersom du får eit vedtak frå oss om at inntekta di var over grensa for stipend.

Du sender oss dokumentasjon så snart du kan etter du har fått vedtaket. Då må du logge inn og velje Send inn dokumentasjon i menyen.

Arbeid i helse- og omsorgssektoren

Unntaket frå inntektsgrensa gjeld for alt arbeid i helse- og omsorgssektoren frå 1. mars 2020 - 31. desember 2022.

Det betyr at du kan tene over grensa for inntekt i heile denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend. Har du anna inntekt frå andre arbeidsgjevarar i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Unntaket gjeld berre for studentar som får lån og stipend til høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet.

Du må dokumentere arbeidet

Dersom du har fått eit vedtak om at inntekta di er over grensa for stipend, vil du få saka behandla på nytt dersom du sender oss lønnsslippar som viser:

  • at du har utført arbeid innanfor helse- og omsorgssektoren
  • inntekta i perioden

Har du fleire arbeidsgivarar, må du sende inn lønnsslippar frå alle. Du treng ikkje å dokumentere at koronapandemien var grunnen til at du jobba. Du skal berre dokumentere at inntekta di kom frå helse- og omsorgssektoren. 

Når vi får dokumentasjonen frå deg, vurderer vi inntekta di på nytt, og du får eit nytt vedtak. 

Frist for å sende oss dokumentasjon

Du sender inn dokumentasjonen så snart du har fått vedtak om kontroll av inntekt og formue. Klagefristen på tre veker gjeld ikkje for å sende inn nye opplysningar om koronarelatert arbeid, berre for andre forhold ved vedtaket.

Grensene for formue og trygd gjeld framleis

Det er ikkje gjort unntak frå grensene for kor høg formue eller trygd du kan ha, før stipendet blir redusert. Desse grensene gjeld framleis for studentar som kan få unntak frå inntektsgrensa.

Studentar som har barn

Studentar som har barn, får heller ikkje redusert barnestipendet ut frå ektefelle eller sambuar si ekstra inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren. Dette unntaket gjeld også for perioden 1. mars 2020 til og med 31. desember 2022. Har sambuaren eller ektefellen din anna inntekt som ikkje er i helse- og omsorgssektoren i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Klikk her for å lese meir om omgjering.

Arbeid i barnehage og skole

Unntaket frå inntektsgrensa gjeld for alt arbeid i barnehage og skole i heile 2022.

Det betyr at du kan tene over grensa for inntekt i heile denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend. Har du anna inntekt frå andre arbeidsgjeverar i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Unntaket gjeld berre for studentar som får lån og stipend til høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet.

Du må dokumentere arbeidet

Dersom du har fått eit vedtak om at inntekta di er over grensa for stipend, vil du få saka behandla på nytt dersom du sender oss lønnsslippar som viser:

  • at du har utført arbeid innanfor barnehage og skole
  • inntekta i perioden

Har du fleire arbeidsgivarar, må du sende inn lønnsslippar frå alle. Du treng ikkje å dokumentere at koronapandemien var grunnen til at du jobba. Du skal berre dokumentere at inntekta di kom frå arbeid i barnehage eller skole.

Når vi får dokumentasjonen frå deg, vurderer vi inntekta di på nytt, og du får eit nytt vedtak. 

Frist for å sende oss dokumentasjon

Du sender inn dokumentasjonen så snart du har fått vedtak om kontroll av inntekt og formue. Klagefristen på tre veker gjeld ikkje for å sende inn nye opplysningar om koronarelatert arbeid, berre for andre forhold ved vedtaket.

Grensene for formue og trygd gjeld framleis

Det er ikkje gjort unntak frå grensene for kor høg formue eller trygd du kan ha, før stipendet blir redusert. Desse grensene gjeld framleis for studentar som kan få unntak frå inntektsgrensa..

Studentar som har barn

Studentar som har barn, får heller ikkje redusert barnestipendet ut frå ektefelle eller sambuar si ekstra inntekt frå arbeid i barnehage og skole. Dette unntaket gjeld også for heile 2022. Har sambuaren eller ektefellen din anna inntekt som ikkje er i barnehage eller skole i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Klikk her for å lese meir om omgjering.

Arbeid i beredskapsarbeid, Heimevernet, politiet og Sivilforsvaret

Unntaket frå inntektsgrensa gjeld for desse gruppene, dersom arbeidet er utført mellom 1. mars 2020 og 31. desember 2021.

Det betyr at du kan tene over grensa for inntekt i heile denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend. Har du anna inntekt som ikkje er relatert til koronapandemien i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Unntaket gjeld berre for studentar som får lån og stipend til høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet.

Du må dokumentere arbeidet

Dersom du har fått eit vedtak om at inntekta di er over grensa for stipend, vil du få saka behandla på nytt dersom du sender oss lønnsslippar som viser:

  • For arbeid i samband med beordring til teneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret: stadfesting som viser i kva periode du blei beordra, og lønnsslippar for perioden
  • For arbeid utført av politistudentar som melder seg til teneste i politiet eller til beredskapsarbeid: lønnsslippar som viser at du har jobba i politiet eller i beredskapsarbeid, jf. politiloven, helseberedskapsloven, sivilbeskyttelsesloven eller forsvarsloven

Har du fleire arbeidsgivarar, må du sende inn lønnsslippar frå alle.

Når vi får dokumentasjonen frå deg, vurderer vi inntekta di på nytt, og du får eit nytt vedtak. 

Frist for å sende oss dokumentasjon

Du sender inn dokumentasjonen så snart du har fått vedtak om kontroll av inntekt og formue. Klagefristen på tre veker gjeld ikkje for å sende inn nye opplysningar om koronarelatert arbeid, berre for andre forhold ved vedtaket.

Grensene for formue og trygd gjeld framleis

Det er ikkje gjort unntak frå grensene for kor høg formue eller trygd du kan ha, før stipendet blir redusert. Desse grensene gjeld framleis for studentar som kan få unntak frå inntektsgrensa på grunn av arbeid knytt til koronapandemien.

Studentar som har barn

Studentar som har barn, får heller ikkje redusert barnestipendet ut frå ektefelle eller sambuar si ekstra inntekt frå arbeid relatert til koronapandemien. Dette unntaket gjeld også for perioden 1. mars 2020 til og med 31. desember 2021. Har sambuaren eller ektefellen din anna inntekt som ikkje er relatert til koronapandemien i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Klikk her for å lese meir om omgjering.