Tiltak for studentar og elevar i utlandet

Må ikkje vere fysisk på lærestaden

Elevar og studentar som tar utdanning i utlandet og som må bu heime på grunn av koronasituasjonen, kan få lån og stipend.

Dei to unntaksreglane som gjaldt for elevar og studentar i utlandet i studieåret 2020–2021 er vidareførte for hausten 2021 og våren 2022.

Må ikkje vere på lærestaden for å få lån og stipend

Den første unntaksregelen gjeld kravet om å vere på lærestaden i utlandet. Dette kravet gjeld ikkje dersom utdanninga di normalt er stadbasert, men no blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert på grunn av koronapandemien.

Unntaket frå kravet om å vere på studiestaden gjeld berre dersom utdanninga du er i gong med i utgangspunktet er stadbasert, men at det mellombels blir tilbydd alternative undervisningsformar på grunn av koronapandemien. Det vil seie at studentar som er tatt i opp ei utdanning som normalt er online eller samlingsbasert, framleis ikkje har rett til lån eller stipend.

Du kan bli bedd om å dokumentere at du ikkje kunne reise til studiestaden vårsemesteret 2022.

Stipend til dei som må bu heime på grunn av koronapandemien

Den andre unntaksregelen gjeld elevar og studentar som tar utdanning i utlandet, og som bur mellombels heime hos foreldra sine hausten 2021 og våren 2022 på grunn av koronapandemien. Desse blir rekna som bortebuarar heile semesteret, og det betyr at dei kan få stipend.

Unntaket frå å bu borte gjeld berre for elevar og studentar som normalt sett hadde planlagt å bu borte, men som no må bu mellombels heime på grunn av koronapandemien.
Det vil seie at elevar og studentar som i ein normal situasjon ville budd heime, framleis ikkje har rett til stipend.