Omgjering av koronalån til stipend
På denne sida er informasjonen til dei som blei bedt om å dokumentere nedgang i arbeidsinntekt.
Du må dokumentere at du hadde nedgang i inntekt
Det er berre elevar og studentar som faktisk hadde nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen, som får omgjeringa.
Lånekassen ber derfor alle elevar og studentar som fekk tilleggslån korona våren 2021 om å dokumentere nedgang i inntekt i heile eller delar av perioden mellom 16. juni 2020 og 15. juni 2021.
Frist for å sende dokumentasjon er 13. mars 2022
Logg inn på lanekassen.no for å svare på spørsmålet om du hadde nedgang i arbeidsinntekt og sende dokumentasjon. Blir dokumentasjonen godtatt, får du i løpet av våren 2022 gjort om 10 400 kroner av lånet til stipend. Det betyr at du får mindre gjeld.
Ikkje nedgang i inntekt likevel
Dersom du fekk lånet, men ikkje hadde nedgang i inntekt likevel, er det framleis viktig at du svarer på Dine sider.
Dersom du ikkje hadde nedgang likevel, får du ikkje omgjort 10 400 kroner av tilleggslånet til stipend. Heile tilleggslånet blir lagt til studielånet ditt, som skal betalast tilbake etter at du er ferdig med utdanninga.