Situasjonar som gir rett til tilleggslån korona

For deg som er usikker på om du kan søke om tilleggslån korona og på kva type dokumentasjon du må sende inn.

Vi veit det kan vere vanskeleg å vite om du rett til å søke om lånet. Dersom du har lese vilkåra nøye og sjølv meiner du oppfyller dei, kan du søke om tilleggslånet. Hugs også at det er eit krav om at du seinare må dokumentere det.


Krav til dokumentasjonen

Dokumentasjonen skal stadfeste at du hadde nedgang i eller bortfall av arbeidsinntekt i heile eller delar av perioden mellom 16. juni 2020 og 15. juni 2021. Den må også vise at koronapandemien er årsaka til nedgangen.

Nedgang eller bortfall gjeld berre arbeidsinntekt, ikkje anna type inntekt. Det betyr at redusert kapitalinntekt frå husleige, aksjar og utbytte ikkje gir deg rett til å søke om tilleggslånet.

Vi kan for eksempel godta

  • skriftleg dokumentasjon frå arbeidsgivar på permittering eller forlenging av permitteringa
  • skriftleg dokumentasjon frå arbeidsgivar på oppseiing av ei stilling, nedgang i eller bortfall av arbeidsinntekt, eller reduksjon på talet vakter/arbeidstimar
  • skriftleg dokumentasjon som viser bortfall av eit jobbtilbod eller traineetilbod på grunn koronasituasjonen. Dokumentasjonen må vise kva dato du skulle ha begynt i jobben
  • skriftleg dokumentasjon frå oppdragsgivar med stadfesting på færre eller ingen oppdrag på grunn av koronasituasjonen (gjeld for deg som er sjølvstendig næringsdrivande)

Det er ikkje all dokumentasjon som er god nok til å gi deg rett til lånet.

Vi godtar for eksempel ikkje

  • e-post eller eit brev der du sjølv skriv at du har hatt redusert inntekt, utan at du legg ved dokumentasjon
  • e-postar som er sende til og frå arbeidsgivar
  • lønnsslippar for ein periode, utan at du legg ved meir dokumentasjon
  • skattefastsettinga di
  • dokumentasjon på introduksjonsstønad, tiltakspengar, bustøtte og sosialstøtte
  • dokumentasjon på små, private og skattefrie oppdrag. Eksempel på slike oppdrag kan vere å sitte barnevakt, gjere hagearbeid og å lufte hundar


Gjekk på vidaregåande i fjor og er student no – mista sommarjobben sommaren 2020

Dersom du mista ein sommarjobb på grunn av korona, kan du ha rett til tilleggslånet. Du kan søke om tilleggslån dersom du i tillegg

  • fekk lån/stipend etter reglane for høgare og anna utdanning hausten 2020 
  • får lån/stipend etter reglane for høgare og anna utdanning våren 2021

Dersom du var elev på vidaregåande utan ungdomsrett, må du ha fått lån/stipend etter reglane for høgare og anna utdanning våren 2020. 

Dersom du var elev med ungdomsrett våren 2020, må du ha fått lån til elevar over 18 år den våren.

Oppsagd frå jobben og har ikkje fått ny jobb

Dersom du kan dokumentere nedgang samanlikna med ein tidlegare periode, kan du ha rett til tilleggslånet. Hugs at du må oppfylle alle vilkåra for å kunne søke, og at koronasituasjonen derfor må ha vore årsaken til at du blei oppsagd.


Redusert samla familieinntekt

Dersom sambuaren eller ektefellen din har hatt nedgang i inntekt, gir ikkje det deg rett til tilleggslånet. Det er di eiga arbeidsinntekt som må ha gått ned.

Måtte seie opp jobben fordi du flytta heim

Dersom du frivillig valde å flytte heim, og derfor fekk nedgang i inntekt, oppfyller du ikkje vilkåra for tilleggslånet. 

Men måtte du flytte på grunn av koronasituasjonen, for eksempel fordi du budde i ein studentbolig som blei stengd ned, er situasjonen annleis. Måtte du seie opp jobben eller seie frå deg vakter i ein periode på grunn av dette, kan du ha rett til lånet og omgjering i etterkant.