Er du plukka ut i kontrollen, må du derfor dokumentere at du oppfylte dette vilkåret før du kan få omgjort 8 000 kroner av tilleggslånet til stipend.
Dersom du ikkje har hatt nedgang i inntekt, må du likevel svare på kontrollen.
Omgjering for dei som ikkje er plukka ut i kontrollen
Har du ikkje fått e-post om kontrollen, betyr det at du ikkje er plukka ut til å bli kontrollert. Det betyr likevel ikkje at du ikkje vil få gjort delar av tilleggslånet om til stipend.
Omgjeringa blir truleg gjort i løpet av første halvår 2021. Det er ikkje heilt klart når omgjeringa skjer, men du kan vere trygg på at du får omgjering dersom du oppfyller vilkåra for det.