8 000 kroner av tilleggslånet kan bli gjort om til stipend
Det er berre elevar og studentar som faktisk hadde nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen, som får omgjeringa.
Du må derfor dokumentere at du oppfylte dette vilkåret, før du kan få omgjort 8 000 kroner av tilleggslånet til stipend. Sjølve omgjeringa skjer i løpet av våren 2021.
Vanlegvis får berre studentar som bur borte gjort om lån til stipend. Dette kravet gjeld ikkje for tilleggslånet, og du kan derfor få gjort om 8 000 av tilleggslånet til stipend uansett om du bur borte eller heime med foreldra dine i perioden.
Fristen for å sende inn dokumentasjon er 10. mars 2021
Det kan vere ulike grunnar til at elevar og studentar har hatt nedgang i inntekt, der koronasituasjonen var grunnen. Vi godtar derfor ulike formar for dokumentasjon. På Dine sider finn du eksempel på kva type dokumentasjon du skal sende inn, ut frå din situasjon.
Det som er avgjerande er at det du sender inn tydeleg viser at inntekta di gjekk ned eller fall bort i perioden 1. mars – 15. juni 2020, og at koronasituasjonen var grunnen til dette.
Det er ikkje eit krav at du mista all inntekt i perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020. Du kunne søke om lånet dersom du berre hadde nedgang i inntekt i delar av perioden.
Ikkje nedgang i inntekt likevel
Dersom du fekk lånet, men ikkje hadde nedgang i inntekt likevel, er det framleis viktig at du sender inn svar på Dine sider.
Dersom du ikkje hadde nedgang likevel, får du ikkje omgjort 8 000 kroner av tilleggslånet til stipend. Heile tilleggslånet blir lagt til studielånet ditt, som skal betalast tilbake etter at du er ferdig med utdanninga.