Du kan framleis få stipend sjølv om du bur heime

Elevar og studentar som må bu heime på grunn av koronasituasjonen, kan få stipend.

Vanlegvis er det berre studentar som bur borte som kan få stipend, og elevar som bur borte som får bortebuarstipend. På grunn av koronapandemien er det gjort unntak frå desse reglane.

Gjeld berre dei som må bu heime på grunn av koronapandemien

Unntaksreglane gjeld berre for elevar og studentar som normalt sett hadde planlagt å bu borte, men som mellombels no må bu heime på grunn av koronapandemien.

Det vil seie at elevar og studentar som i ein normal situasjon ville budd heime, framleis ikkje har rett til stipend.

Gjeld våren 2021 for studentar og elevar som tar utdanning i Norge

Alle elevar og studentar som får støtte som bortebuarar, men som mellombels bur saman med foreldra sine på grunn av koronasituasjonen, blir rekna som bortebuarar våren 2021.

Unntaksregelen gjeld berre våren 2021 for studentar og elevar i Noreg. Budde du heime hausten 2020, har du ikkje rett til lån eller stipend som bortebuar.

Gjeld heile 2020–2021 for elevar og studentar som tar utdanning i utlandet

Alle elevar og studentar som tar utdanning i utlandet, og som bur mellombels heime hos foreldra sine hausten 2020 og våren 2021 på grunn av koronapandemien, blir rekna som bortebuarar heile studieåret.