Vidareutdanning

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Du kan søkje støtte i Lånekassen til både deltids- og heiltidsstudie. Til saman kan du få støtte i inntil åtte år.

I tillegg til høgskoler og universitet, kan du få støtte til blant anna fagskoler, kunstskoler, IT-skoler og andre yrkesretta utdanningar. Du kan få støtte så lenge utdanninga er godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Deltid

Som deltidsstudent kan du få opp til 75 prosent av basisstøtta. Kor mykje støtte du får, blir rekna ut i frå kor mange studiepoeng du tek, les meir om utrekninga her.

Støtta blir gitt som lån. Når du er ferdig med utdanninga kan inntil 40 prosent av støtta bli omgjort til stipend.

Har du lån i Lånekassen frå før og tek deltidsutdanning må du være merksam på at du framleis vil få rekning på det gamle lånet, også medan du er i utdanning. Du kan søkje om betalingsutsetjing dersom du treng det. Renter kan også bli sletta dersom du har låg inntekt, les meir om rentefritak her.

Fulltid

Har du allereie lån i Lånekassen, og ønskjer å bli student på heiltid, er det litt annleis. Får du tildelt og mottek støtte frå Lånekassen, vil du sleppe å betale på lånet i den nye studieperioden og det vil heller ikkje kome renter på lånet.

Går du over frå fulltidsutdanning til deltidsutdanning, vil rentene begynne å løpe på lånet du tok opp under fulltidsutdanninga. Du vil få tilsendt ein betalingsplan, og du må begynne å betale ned på lånet på vanleg måte.