Sommarkurs

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 05.09.2018
Du kan i somme tilfelle få støtte til utdanning om sommaren, men du må søkje særskilt om det.

Som student på sommarkurs kan du få det same beløpet du får per månad i det vanlege undervisningsåret. Du kan få slik støtte i inntil to månader. Tek du eit sommarkurs som er godkjent som ein sommartermin ved ein norsk lærestad, kan du i tillegg få eit ekstra lån på inntil 4 616 kroner per månad sommaren 2019.

Korleis søkje om støtte til sommarkurs

Søknaden om støtte må ha komme inn til Lånekassen før kurset er avslutta. Bruk søknaden for undervisningsåret 2018-2019. Godkjende sommarkurs finn du i søknaden på Dine sider.

Støtte til studium som ikkje er eit godkjent sommarkurs

Du kan søkje om støtte dersom semesteret ditt blir forlengt med minst to veker etter 15. juni. Du kan ha rett til støtte dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga må skje i sommarterminen. Du kan også få støtte dersom du kan dokumentere at du sparer inn på normert studietid. Undervisningsopplegget du søkjer om støtte til, må vare i minst to veker.

For å søkje om støtte til dette må du sende eit brev til oss. Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser at undervisninga er fastsett i utdanningsprogrammet ditt, eller at du sparer inn på normert studietid.

Feltarbeid om sommaren
For å få støtte til feltarbeid må du leggje ved dokumentasjon frå rettleiaren din som viser at det er nødvendig at feltarbeidet skjer om sommaren. Det gjeld ved fag som biologi, geologi og arkeologi.

Spesielle forhold

Studerer du vanlegvis i utlandet og skal ha praksis i Noreg, må du melde frå til Lånekassen om du skal bu saman med foreldra dine i praksisperioden.

Dersom du betaler skolepengar, kan vi vurdere om du kan få støtte til det. Du kan ikkje få slik støtte dersom du allereie har fått  maksimalt beløp for skolepengar til det ordinære undervisningsåret.

  • Skal du ta kurs eller delstudium i utlandet om sommaren? Les meir her