Offentleg godkjent utdanning i Noreg

Sist oppdatert: 04.04.2019
For å ha rett til lån og stipend frå Lånekassen må du vere elev eller student i ei utdanning som er godkjent for støtte.

Tilfredsstiller ikkje utdanninga di krava for å bli godkjent for støtte i Lånekassen, kan du ikkje få stipend eller lån til denne utdanninga.

Du kan få støtte både til

  • enkeltemner,
  • årsstudium,
  • bachelorgrad
  • og mastergrad.

Skal du ta fagskoleutdanning, kan du få støtte til utdanning som er godkjent av NOKUT. Sjå lista her.

Vi gir også støtte til utdanning ved folkehøgskoler og ein del andre typar utdanningar. Du kan lese meir om andre utdanningar vi gir støtte til her.

Vi gir ikkje støtte til utdanning ved militære skoler eller til etatsopplæring. Til videregående opplæring kan du få støtte til opplæring som følger offentlig godkjente læreplanar.

Det er ikkje alltid at alle utdanningar ved ein lærestad er godkjent for støtte. Er du usikker, bør du spørre lærestaden din.

Deltidsutdanning

Du kan få støtte til utdanning på deltid i Norge. For å få støtte til deltidsutdanning må du minimum ta halvparten av dei faga, studiepoenga eller årstimane du ville ha tatt dersom du skulle ha fullført utdanninga på fulltid. Les meir om deltidsutdanning her.

Utdanninger i Norden og utlandet