Lærlingar utan ungdomsrett

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Lærlingar som ikkje har lovfesta rett til vidaregåande opplæring, kan få stipend og lån dersom dei har godkjend lærekontrakt.

Ein viktig forskjell mellom lærlingar utan ungdomsrett og dei med ungdomsrett, er at lærlingar utan ungdomsrett får stipend og lån etter dei same satsane som for høgare utdanning

Ein annan viktig forskjell er at lærlinglønna blir behandla som vanleg inntekt. Dersom inntekta di er høgare enn beløpsgrensa, blir stipendet ditt redusert. Men du vil få støtte i 11 månader, som alle lærlingar gjer.

Du må ha godkjend lærekontrakt før du søkjer

  • Det er opplæringskontoret i fylkeskommunen som godkjenner lærekontrakten.
  • Fylket som er oppført på lærekontrakten, er det fylket du skal opplyse om i søknaden til Lånekassen.
  • Når du søkjer om støtte, må du bruke nettsøknaden for høgare og anna utdanning.

Du kan ikkje søkje utan godkjend lærekontrakt. Har du spørsmål rundt kontrakten din, må du kontakte opplæringskontoret i fylket ditt eller opplæringsbedrifta du er i.