Du får støtte ut frå kor mykje du skal studere eller gå på skole. Til deltidsutdanning får du 50, 67 eller 75 prosent av det vanlege støttebeløpet. Hugs å melde frå dersom du endrar studiebelastning.
Dette må du vere klar over dersom du tek deltidsutdanning:
Dersom du får fritak frå fag, eller bestemmer deg for å ikkje ta alle faga dine, betyr det vanlegvis at du tek utdanning på deltid. Du har plikt til å melde frå om slike endringar til Lånekassen.
Går du frå fulltid til deltid på same utdanning, vil du ikkje få renter eller rekningar på lånet ditt.
Kva vil det seie å ta utdanning på deltid?
Studiebelastninga di avgjer kor mykje støtte du kan få. Studiebelastning seier noko om kor mykje du studerer. Lånekassen måler studiebelastning i studiepoeng (høgare utdanning) eller årstimar (vidaregåande fag). I somme tilfelle måler vi det i talet på fag.
Studiepoeng per semester |
Fast prosentsats for støtte* |
0–14,5 studiepoeng |
Ikkje stipend, ikkje lån |
15–19,5 studiepoeng |
50 prosent støtte |
20–22 studiepoeng |
67 prosent støtte |
22,5–29,5 studiepoeng |
75 prosent støtte |
30 studiepoeng eller meir |
100 prosent støtte |
* Støtte betyr både stipend og lån.
Kor mykje kan eg få?
Når du tek utdanning på deltid, reduserer vi alle beløpa du kan få, både stipend og lån, i forhold til deltidsprosenten din. Dette gjeld også for ordningar som for eksempel forsørgjarstipend og lån til skolepengar.
Studiebelastning
|
Basisstøtte per semester (5 månader)
|
Første utbetaling for semesteret
|
Vidare utbetalinger per måned
|
50 prosent støtte
|
27 063 kr
|
10 825 kr
|
4 060 kr
|
67 prosent støtte
|
36 264 kr
|
14 506 kr
|
5 440 kr
|
75 prosent støtte
|
40 594 kr
|
16 238 kr
|
6 089 kr
|
Beløpa er runda av til næraste heile krone.
Endringar som skjer i løpet av undervisningsåret
Dersom du skal ta fleire eller færre fag enn du opplyste i søknaden din, må du melde frå til Lånekassen. Du kan lese meir om korleis du melder frå her.