Bussjåførutdanning

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 26.06.2018
Frå 16. august 2018 kan du få støtte til grunnutdanning som bussjåfør og førarkort klasse D.

Frå og med undervisningsåret 2018-2019, som begynner den 16. august, kan du få basisstøtte og skolepengestøtte til grunnutdanning for bussjåførar og førarkort klasse D.

Du får basisstøtte til fem veker i grunnutdanninga og ei veke ekstra basisstøtte til førarkort klasse D. I tillegg kan du få lån til skolepengar for opptil ein helt undervisningsår, sjølv om utdanninga varer kortare.

Kva skal til for å få støtte?

Du kan få støtte til utdanning ved godkjente køyreskolar. Køyreskolane må vere godkjente av Statens vegvesen, og køyreskolane må søkje godkjenning hos Lånekassen. Det er berre køyreskolar som er godkjent begge stader som blir viste i søknaden vår og som du kan søkje om støtte til.

Du kan berre få støtte til utdanning som begynner etter 16. august 2018.

Merk at du ikkje kan få støtte til berre førarkort klasse D, du må ta det i samanheng med grunnutdanninga.

Kor mykje du kan få

Du kan få basisstøtte i fem veker dersom du berre tek grunnutdanninga eller seks veker dersom du tek grunnutdanning og førarkortet. Basisstøtte for fem veker er 12 629 kroner, for seks veker er 15 155 kroner.

Heile basisstøtta blir utbetalt som eit lån, men inntil 40 prosent av den kan bli gjord om til stipend når vi har kontrollert inntekta og formuen din frå året du fekk støtte og har fått stadfesta at du har bestått utdanninga. Du treng ikkje å sende inn stadfesting sjølv, det får vi rapportert inn frå køyreskolane.

I tillegg kan du få skolepengelån på inntil 64 206 kroner. Du får berre lån til skolepengar du faktisk betaler for kurset.

Ver merksam på at du ikkje får utbetalt støtte før du har starta på grunnutdanninga. Pengane blir utbetalte når vi har fått stadfesting frå køyreskolen på at du har begynt grunnutdanninga.

Slik søkjer du

Du bruker nettsøknaden vår for høgare og anna utdanning.

Søknaden må ha kome inn til Lånekassen innan 15. november 2018 for hausten og 15. mars 2019 for våren. For kurs på hausten som startar 1. november 2018 eller seinare må søknaden ha kome inn før kurset er avslutta. For kurs om våren som startar 1. mars 2019 eller seinare, må søknaden ha kome inn før kurset er avslutta.