Når får eg svar på søknaden min?

Sist oppdatert: 03.04.2019
Når du sender ein søknad om stipend og lån til oss, kan du følgje med på kva som skjer med søknaden din på Dine sider.

Dersom søknaden din må behandlast av ein saksbehandlar, vil søknaden din få status om at den er i behandlingskø eller at vi ventar på dokumentasjon frå deg. Du kan sjekke status på søknaden din på Dine sider. Ver oppmerksam på at det kan litt tid frå du sender inn ein søknad til den blir vist på Dine sider. Vi behandlar ikkje søknaden din raskare sjølv om du ringer oss.

I behandlingskø

Er søknaden din i behandlingskø, vil du få opp den datoen vi forventar at søknaden din skal vere ferdigbehandla.

skjermbilete behandlingstid dine sider

Ventar dokumentasjon frå deg

Har søknaden din status "ventar dokumentasjon frå deg", betyr det at før vi kan behandle søknaden din, må du sende inn dokumentasjon. Du fekk melding om kva slags dokumentasjon du skal sende inn då du sende inn søknaden, og du finn igjen denne informasjonen under "Dine søknader" på Dine sider. Du får òg ei melding på forsida om at vi ventar på dokumentasjon frå deg.  Les meir om dokumentasjon. Kort tid etter at du har lasta opp dokumentasjon, vil søknaden få status "i behandlingskø" og du får informasjon om når vi forventar at søknaden din skal vere ferdigbehandla.

skjermbilete dokumentasjon dine sider

Kvifor tar det lang tid å behandle søknaden min?

Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men nokre søknader må behandlast på av ein saksbehandlar. Dette kan vere fordi vi manglar opplysningar, eller fordi ei opplysning må sjekkast. Når det skjer, blir søknaden din plassert i ein behandlingskø og du får ei behandlingstid.

Dersom du blir bedd om å sende inn dokumentasjon

Manglar vi opplysningar eller dokumentasjon for å kunne behandle søknaden din, får du beskjed om kva du må sende inn. Følg med på Dine sider.

Dersom du ber om ny behandling av søknaden din

Dersom søknaden din allereie er behandla, og du sender inn dokumentasjon for at Lånekassen skal behandle søknaden din på nytt, tar det tid før søknaden blir behandla om igjen.

Eg skulle få eit brev, men har ikkje fått det. Kva har skjedd?

Ventar du på eit brev i posten, tar det opptil ei veke før du får brevet. Du kan undersøke om du har riktig adresse på Dine sider. Dei fleste breva Lånekassen sender deg, kan du finne i postkassa di på Dine sider.

Kor lang er behandlingstida no?

Her ser du forventa behandlingstid for ulike typar søknader og brev/e-postar. Vi seier oss leie for at saksbehandlingstida kan vere lang, og vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som råd.

Behandlingstid for søknader om stipend og lån

Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk, og du får svar i løpet av ein vyrkedag.

Somme søknader må ein saksbehandlar sjå på, og dei blir sette i ein behandlingskø. Behandlingstida for desse sakene er for tida 6-8 veker. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

Behandlingstid for andre typar søknader

  • ekstrastipend: 6–8 veker
  • foreldrestipend: 8–12 veker
  • sjukestipend: 10–16 veker

Nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad

Dersom du sender inn nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om støtte, er behandlingstida for tida 10–14 veker.

I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg.

Behandlingstid når vi ber om meir dokumentasjon frå deg

Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon, blir søknaden din behandla på nytt, og du vil få svar etter ca. tre veker.

Behandlingstid på klagar

Venta behandlingstid på klagar er for tida 8–10 veker. Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoar her.

Svartid på e-post

E-post du har sendt via Dine sider, får du svar på innan 8 vyrkedagar. Dersom meldinga di gjeld bachelorgrad eller mastergrad i utlandet, vil det kunne ta noko lengre tid før du får svar.