Utbetaling av stipend og lån

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
For studentar i Noreg er første utbetalinga for haustsemesteret tidlegast i starten av august. Første utbetaling for vårsemesteret er tidlegast i starten av januar.

Vilkår for utbetaling

  1. Signert avtale om støtte
    Vi må ha fått den signerte avtalen om støtte frå deg. Du kan bruke same BankID som i nettbanken når du signerer avtalen om støtte frå Lånekassen.
  2. Gyldig kontonummer
    Vi har registrert eit gyldig kontonummer å betale ut støtta til. Du kan endre kontonummer på Dine sider.
  3. Stadfesta opptak
    Vi har fått stadfesta frå lærestaden at du har opptak til den utdanninga du har søkt om støtte til. Lærestaden stadfestar opptak for eit semester av gongen.
  4. Betalt semesteravgift
    Vi har fått stadfesta frå lærestaden at du har betalt semesteravgifta.

På Dine sider kan du sjå utbetalingsdatoar og om vilkåra er oppfylte eller ikkje. 

Logg inn på Dine sider