Svar frå Lånekassen: Vedtak og avtale om støtte

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Når du får stipend og lån fra oss, får du eit vedtaksbrev og ein avtale om støtte.

Du finn vedtaksbrev og avtale om støtte (dersom du skal signere elektronisk) på Dine sider.

I vedtaksbrevet kan du blant anna sjå om du har fått den støtten du har søkt om, få ei oversikt over kva typar stipend og lån du har fått og sjå kva opplysningar vi har brukt for å behandle søknaden din. Det er derfor viktig at du les vedtaket nøye.

Avtalen om støtte er sjølve låneavtalen. Du må signere avtalen før du kan få utbetalt pengane. Er du under 18 år, må ein av foreldra di/verja din signere.

Dette finn du i vedtaksbrevet

I vedtaksbrevet kan du blant anna lese/sjå

  • om du har fått den støtta du har søkt om, eller om du har fått heilt eller delvis avslag på søknaden.
  • kva slags dokumentasjon vi treng frå deg, dersom Lånekassen treng opplysningar for å kunne behandle søknaden din på nytt.
  • oversikt over kva typar stipend og/eller lån du har fått dette undervisningsåret. 
  • Kva for opplysningar vi har brukt for å behandle søknaden.
  • oversikt over når du får utbetalt pengane.
  • at du har plikt til å melde frå dersom det oppstår endringar i situasjonen din undervegs i utdanninga.
  • om retten til å klage på vedtaket.
  • meir detaljert oversikt over kva typar stipend/lån du har fått i dei ulike periodane i løpet av undervisningsåret.

Meiner du at vedtaket er feil?

Dersom du meiner vedtaket du har fått er feil, sender du oss ein e-post på Dine sider. Husk at du har rett til klage i tre veker frå du mottek svaret frå Lånekassen.

Dersom du etter ny behandling framleis meiner at vedtaket er feil, kan du gå vidare med klaga di til Klagenemnda. Du kan lese meir om retten til å klage her.

Minus i tabellen i vedtaksbrevet?

Dersom du har sendt inn nye opplysningar eller ny søknad, slik at vi har behandla saka di på nytt, vil du lett sjå det nye resultatet i kolonnen «får no» i tabellen over kva typar stipend/lån du har fått.

Vanlege tilfelle som fører til ei ny behandling av saka di, kan vere: du har Bbyttae frå ei utdanning til ein annan, du har endra studiebelastning, avbrote utdanninga eller søktnad om sjukestipend, endring av studiebelastning, avbrot og eller fødselsstipend.

Det kan hende at det står minus framfor eitt eller fleire av beløpa i tabellen. Det betyr at anten at:

  • den nye behandlinga har ført til at du har fått omgjort ein type lån/stipend til ein annan type stipend

eller at:

  • den nye behandlinga viser at du ikkje har rett til like mykje støtte

Dersom det er beløp med minus framfor i kolonnen «får no», vil det seie at det aktuelle minusbeløpet skal trekkjast frå beløpet i kolonnen «Fått tidlegare dette undervisningsåret».

Har du fått for lite?

Sjekk saksgrunnlaget

I vedtaksbrevet ser du kva Lånekassen har lagt til grunn for vedtaket, og om du er innvilga støtte, eller ikkje. Dersom du har fått innvilga støtte, men meiner du har fått for lite, les du seksjonen i vedtaksbrevet som heiter «saksgrunnlag».

Dersom du har søkt om for lite pengar, for eksempel at du berre har søkt om stipend og ikkje lån, kan du likevel skrive under på avtalen. Etter at du signert avtalen, kan du sende inn ein ny søknad. Dersom du blir innvilga meir støtte, får du ein ny avtale for den summen du får i tillegg.

Støtta du har søkt om kan vere behovsprøvt

Inntekt og formue påverkar summen du får i støtte, dette blir kalla behovsprøving. Det kan også vere vilkår du ikkje oppfyller, for å få visse typar støtte. Du finn informasjon om dei forskjellige støtteordningane her.

Et eksempel på minus i tabellen

Nedanfor ser du eit eksempel på ny behandling av ein søknad om lån og stipend. Kunden søkte først om fullt lån medan han budde heime. Denne saka blei ferdigbehandla, og kunden fekk innvilga lånet.

Kunden flytta deretter ut av foreldreheimen før skolestart, og melde frå om det til Lånekassen. Han fekk i utgangspunktet eit ordinært lån på 47 200 kr. Ettersom han no var bortebuar, blir saka behandla på nytt. Delar av det ordinære lånet blei no gjort om til eit omgjeringslån. Omgjeringslån er lån som kan bli gjort om til stipend dersom han består det  normerte talet på studiepoeng dette semesteret.

I det nye vedtaket kan han sjå at beløpet som er omgjort frå ordinært lån til omgjeringslån, er markert med minus i tabellen. Totalbeløpet som  kunden har fått, er det same som før saka blei behandla på nytt.

Type stipend/lån Fått tidligere dette undervisningsåret Får nå Til sammen
Ordinært lån 47 200,00 kr - 18 880,00 kr 28 320,00 kr
Omgjøringslån 0,00 18 880,00 kr 18 880,00 kr
Til sammen 47 200,00 kr 0,00 kr 47 200,00 kr

Dette inneheld avtalen om støtte

Avtalen om støtte er sjølve låneavtalen, og inneheld blant anna informasjon om vilkåra for tilbakebetaling av lånet og kva som må vere i orden før Lånekassen kan overføre pengane til kontoen din. Avtalen viser kor mykje støtte du har fått frå Lånekassen dette undervisningsåret, og kor mykje du eventuelt har i totalt lån. Du må også signere ein avtale om støtte sjølv om du berre får stipend. Det er viktig at du les avtalen nøye før du signerer den.

Dersom du er under 18 år, må ein av foreldra dine signere. Les meir om foreldresignering her.

Dersom du er over 18 år, signerer du avtalen på Dine sider.  Les meir om signering.

Ønskjer ikkje støtta likevel

Dersom du ikkje ønskjer studiestøtta du er innvilga, lèt du vere å skrive under på avtalen om støtta. Dersom du ønskjer å søkje på nytt seinare, må du sende den nye søknaden innan søknadsfristen.