Endringar og situasjonar du må melde inn

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Endringar du må melde inn
Kva må du gjere?
Du avbryt eller tek ein pause i utdanninga di Du må gi Lånekassen melding. Du kan enkelt melde frå på Dine sider, eller på telefon, faks eller brev.
Du byter lærestad Du må sende ny nettsøknad.
Du gjer endringar i den faglege planen din Du må gi Lånekassen melding. Du meldar enklast frå på Dine sider, eller du kan sende oss faks eller brev.
Du betaler eit anna beløp  i skolepengar enn det du oppgav i søknaden Du må sende inn dokumentasjon frå lærestaden din som viser det nye beløpet du skal betale i skolepengar. Skal du betale mindre skolepengar, held det med å meldre frå på Dine sider.
Du flytter tilbake til, eller frå foreldra dine
Du må gi Lånekassen melding. Du meldar enklast frå på Dine sider, eller du kan sende oss faks eller brev. Du må informere om flyttedato, ny adresse og skrive om du bur saman med foreldra dine eller ikkje.
Du endrar sivilstand Du må gi Lånekassen melding. Du meldar enklast frå på Dine sider, eller du kan sende oss faks eller brev.
Du får barn Du søkjer om foreldrestipend og/eller forsørgjarstipend
Du avsluttar utdanning i utlandet Du må sende inn kopi av dokumentasjon på betalte skolepengar og karakterutskrift