Søknadsfristar

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 07.11.2018
Søknadssfristen om utdanningsstøtte er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Fristen for å melde endringar er innan støtteperioden/undervisningsåret er avslutta.

Søknaden eller melding om endringar må ha kome inn til Lånekassen innan fristen for at den skal bli behandla.

Her finn du endringar og situasjonar du skal melde inn.

Andre søknadsfristar og unntak

Søknadsfrist for lærlingar

Frista for 2018–2019 er 30. juni 2019, eller innan lærekontrakten blir avslutta.

Søknadsfrist for sommarkurs

Skal du søkje om støtte til sommarkurs, må søknaden ha kome inn til Lånekassen før kurset er avslutta.

Søknadsfrist for utdanning som startar etter 1. mars 2019

Skal du søkje om støtte til kurs som startar 1. mars 2019 eller seinare, må søknaden din ha kome inn til Lånekassen før undervisningsåret eller kurset er avslutta.

Søknadsfrist for utdanning som startar etter 1. november 2018

Fristen for å søkje om støtte til kurs i haustsemesteret som startar 1. november 2017 eller seinare, er 15. mars 2018.

Søknadsfrist for foreldrestipend (fødsel)

Du må sende inn eit eige søknadsskjema om foreldrestipend etter at barnet er født, og seinast tolv månader etter fødselen. Når du søkjer om foreldrestipend, vurderer vi automatisk om du har rett til forsørgjarstipend.

Unntak frå søknadsfristane

Du kan få unnatak frå fristane dersom særlege forhold gjer at du ikkje får søkt innan fristane. Slike forhold kan vere at du på grunn av psykisk eller fysisk sjukdom var forhindra frå å sende inn ein søknad.

Du må sende inn dokumentasjon som viser årsaka til at du ber om å få behandla søknaden etter søknadsfristen.