A-ordninga

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du har kanskje fått eit vedtaksbrev frå Lånekassen der vi oppgir at vi har henta opplysningar frå A-ordninga. Her får du ei kort innføring i kva A-ordninga er og kva vi bruker den til.

Kva er A-ordninga?

A-ordninga er eit statleg register for inntekts- og tilsetjingsopplysingar. Alle som betaler ut lønn, pensjon og andre ytingar i Noreg, må månadleg melde inn opplysningar til A-ordninga, som blir administrert av Nav, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Opplysningane som må meldast inn er blant anna brutto lønn, trygd eller pensjon som blir utbetalt per månad, kven pengane blir utbetalte til, samt status for eventuelt arbeidsforhold. Denne ordninga blir kalla for A-ordninga. Les meir om A-ordninga her.

Lånekassen ønskjer å lage gode digitale løysingar, slik at vi kan behandle søknader raskare. Vi bruker derfor elektroniske register som A-ordninga for å kunne lage løysingar som er enkle å bruke, både for Lånekassen og for kundane våre. Vi har tilgang til opplysningane frå A-ordninga, etter forskrift om Lånekassens innhenting av opplysningar.

Kva bruker Lånekassen A-ordninga til?

Lånekassen bruker opplysningane frå A-ordninga i saker der vi treng nyare informasjon om inntekt eller tilsetjingsforhold. Eksempel på slike saker er vurdering av grunnstipend for elevar i vidaregåande opplæring, vurdering av forsørgjarstipend for kundar som har barn og vurdering av rentefritak (sletting av renter på lånet).

Kvifor har eg likevel blitt bedt om å sende inn dokumentasjon?

Det er ganske kort tid sidan Lånekassen fekk tilgang til å bruke opplysningar frå A-ordninga. For at vi skal vere heile sikre på at kundane får korrekte vedtak frå oss, vil vi i ein overgangsperiode måtte kvalitetssikre data vi hentar inn. Dette gjer vi blant anna ved å samanlikne innsendt dokumentasjon frå kundane med opplysningane vi hentar frå A-ordninga.