Ofte stilte spørsmål om søknaden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018

Informasjonen gjeld deg som skal ta høgare utdanning i Noreg.

Gå til søknaden

Må eg ha studieplass for å søke?

Ja, for å få støtte fra Lånekassen må utdanninga du tar være offentleg godkjent i Noreg.

Kor finn eg søknaden?

Søknaden finn du her eller på Dine sider.

På Dine sider finn du også skjema for

  • sjukestipend
  • foreldrestipend ved fødsel og adopsjon
  • ekstra stipend for søkjarar med nedsett funksjonsevne
  • stipend og lån for sommaren for søkjarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming

Kva betyr stipend, maksimalt eller avgrensa lån?

I søknaden får du tre val på kva slags type stipend og lån du kan søkje om.

Stipend

Når du søkjer om stipend, blir dette utbetalt som eit lån (omgjeringslån) som seinare kan bli gjort om til stipend. OBS: Bur du heime hos foreldra din (heimebuar) kan du ikkje søkje om stipend, fordi du må vere bortebuar for å ha rett til stipend (omgjeringslån).

Stipend og maksimalt lån

Vel du dette søkjer du om å få maksimalt kva du kan få i studiestøtte. Stipend blir utbetalt som omgjeringslån, som kan gjort om til stipend. Resten av studiestøtta blir utbetalt som eit reint lån.

Stipend og avgrensa lån

Du vel dette om du ønskjer å avgrense kor stort lån du vil ta opp.

Skjermbilde av type støtte du kan søke - høyere utdanning

Kva er borte- og heimebuar?

Bortebuar betyr at du ikkje bur saman med foreldra dine under studia. Heimebuar betyr at du bur saman med foreldra dine under studia.

Les meir om heime- og bortebuar.

Korleis finn eg utdanninga mi i søknaden?

Dersom du går på ein høgskole eller eit universitet, er det ofte slik at utdanningar er samla i meir generelle kategoriar i søknaden vår. Derfor er det ikkje alltid at du finn namnet som lærestaden din brukar på utdanninga di. Alle utdanningar innanfor eit fagområde kan ha felles namn. Du vel fagområde og nivå som passar til den grada du held på med.

Les meir her.

Korleis semder eg inn dokumentasjon?

Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon kan du gjere det på Dine sider, i menyen finn du lenka "send inn dokumentasjon til søknaden".

Les meir om dokumentasjon.

Når får eg svar på søknaden?

I dei fleste tilfelle blir søknadar behandla automatisk, og du får svar innan eit døgn.

Hvis søknaden din må behandlast, får du vite behandlingstida på Dine sider.

Har søknaden din status "venter dokumentasjon frå deg", betyr det at før vi kan behandle søknaden din, må du sende inn dokumentasjon.

Les meir om behandlingstid.

Kvifor har eg ikkje fått det eg trudde eg skulle få?

I vedtaksbrevet, som du finn på i postkassa på Dine sider, får du informasjon om kva du har fått og kva du ikkje har fått.

Les kva eit vedtaksbrev innheld.

Korleis signerer eg for studiestøtta?

Du får ein avtale om støtte på Dine sider,  du signerer avtalen på Dine sider. Husk å lese vedtakstbrevet før du signerer.

Les meir om signering.

Når får eg pengane på konto?

Som oftast får du pengane rett etter semesterstart. Har du søkt om studiestøtte etter semesterstart får du pengane så fort vilkåra er oppfylt.

Før vi kan utbetale studiestøtte, må vi få stadfesting frå lærestaden din om at du har opptak til utdanninga du har søkt stønad for og semesteravgifta må vere betalt.

Vi må også ha eit gyldig kontonummer, noko du opplyser om i søknaden eller endrar på Dine sider. Les meir om utbetaling.

På Dine sider kan du sjå om du har oppfylt vilkåra for utbetaling.