Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Dokumentasjon - send alltid ein kopi

    Når vi ber deg dokumentere noko, skal du alltid sende inn ein kopi av dokumentasjonen.

    Vi tar ikkje vare på den innsende papirversjonen, men arkiverer ein elektronisk versjon.

    I dei fleste tilfelle kan du ettersende dokumentasjon på Dine sider. Dette gjeld for eksempel ved ettersending av dokumentasjon av bestått utdanning og dokumentasjon på arbeidsløyse.

    Skal du ettersende dokumentasjon som inneheld sensitiv informasjon for eksempel om sjukdom, kan du ikkje ettersende dette elektronisk. Då må du hugse å sende ein kopi av dokumentasjonen til Lånekassen per post.   

    Dokumentasjon blir makulert

    Når vi får tilsend papirdokumentasjon skannar vi dette inn og dokumentasjonen blir lagra og arkivert elektronisk i systema våre. Etter 90 dagar vil papirversjonen bli makulert, vi kan derfor ikkje returnere den innsende dokumentasjon til deg.