Dokumentasjon

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
For dei fleste blir søknaden behandla automatisk, utan at det er behov for å sende inn dokumentasjon.

Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon kan du gjere det på Dine sider.  Har du mogelegheit til å skaffe dokumentasjonen før du søker, og leggje den ved søknaden, vil behandlinga av saka di gå raskare. Du får vite kva dokumentasjon du skal laste opp på Dine sider.

På framsida får du beskjed og lenke

framsida dokumentasjon

På søknaden din finn du dokumentasjonskrava

Du må sende inn dokumentasjon dersom

Dokumentasjon du må sende i posten

På grunn av personvernet må du sende dokument som inneheld sensitive personopplysningar i posten. Du får melding i søknaden om dokumentasjonen skal sendast i posten, eller ikkje. Dokumentasjon som må sendast i posten sender du til: Lånekassen, postboks 4551, 8608 Mo i Rana.

Har de motteke dokumentasjonen eg sende?

Dersom du er blitt bedd om å laste opp dokumentasjon til søknaden din, kan du enkelt sjekke om dokumentasjonen er motteken. Lastar du dokumentasjonen opp frå Dine sider, endrar dokumentasjonskravet farge frå oransje til grøn. Du finn informasjonen under "søknadene dine".

Du finn også dokumentasjon du har lasta opp i postkassen din på Dine sider.

Sender du dokumentasjonen i posten, kan det ta litt over ei veke frå du sender inn dokumentasjonen, til vi har fått den inn. Du kan sjå om vi har motteke og registrert brevet i postkassen din.

Dokumentasjon - send alltid ein kopi

Når vi ber deg dokumentere noko, skal du alltid sende inn ein kopi av dokumentasjonen.

Vi tek ikkje vare på den innsende papirversjonen, men arkiverer ein elektronisk versjon.

I dei fleste tilfelle kan du ettersende dokumentasjon på Dine sider. Dette gjeld for eksempel ved ettersending av dokumentasjon av bestått utdanning og dokumentasjon på arbeidsløyse.

Skal du ettersende dokumentasjon som inneheld sensitiv informasjon for eksempel om sjukdom, kan du ikkje ettersende dette elektronisk. Då må du hugse å sende ein kopi av dokumentasjonen til Lånekassen per post.   

Dokumentasjon blir makulert

Når vi får tilsend papirdokumentasjon skannar vi dette inn og dokumentasjonen blir lagra og arkivert elektronisk i systema våre. Etter 90 dagar vil papirversjonen bli makulert, vi kan derfor ikkje returnere innsende dokumentasjon til deg.