Lån til skolepengar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Betaler du skolepengar, kan du få ekstra lån på inntil 63 070 kroner.

Du kan låne inntil 63 070 kroner til skolepengar per undervisningsår i Noreg eller Norden. Er skolepengane høgare, må du dekke resten sjølv. Studerer du ei halvt år, kan du få halve beløpet. Er du i deltidsutdanning blir skolepengelånet redusert i forhold til deltidsprosenten din. 

Du treng ikkje søke spesielt om skolepengar. Ekstra lån til skolepengar blir lagt automatisk til dersom du søker om fullt stipend og lån på søknaden når du studerer i Noreg og kjem i tillegg til det du får i vanleg stipend og lån. Skolepengelånet kjem på første utbetaling kvart semester og blir ikkje vurdert mot inntekta og formuen din. Skolepengelånet blir ikkje gjort om til stipend etter bestått utdanning.

Du kan ikkje få skolepengelån til å dekke kostnadene ved å gå på folkehøgskole. Årsaka er at folkehøgskolane ikkje tek betalt for undervisninga. Basisstøtta er meint å dekke utgifter til kost og losji.

Får du delar av skolepengane dekt av andre?

Dersom du får dekt delar av skolepengane du skal betale av andre, må du sende inn ei stadfesting frå lærestaden din på kor mykje du skal betale i skolepengar for kvart semester. Du må også dokumentere kven du får støtte frå og beløpet du får per semester. Blir heile skolepengebeløpet dekt av andre, treng du ikkje å dokumentere dette, men du må opplyse om det i nettsøknaden. Skolepengestøtta frå Lånekassen kan bli redusert dersom du får støtte frå andre til å betale skolepengar.

Betaler du reduserte/rabatterte skolepengar?

Dersom du ikkje betaler den fulle prisen for utdanningsopplegget, må du leggje ved informasjon frå lærestaden som viser kor mykje du faktisk skal betale.

Ekstralån til trafikkflygarutdanning

Dersom du tek privat trafikkflygarutdanning i Noreg som er offentleg godkjent, kan du få eit ekstralån på inntil 350 000 kroner per undervisningsår. Du kan få ekstralånet i maksimalt to år, og du kan ikkje få meir lån til dekking av skolepengar enn det du faktisk betalar.

Det er ikkje ein eigen søknad om ekstralånet, du søkjer automatisk om det dersom du vel stipend og maksimalt lån i den vanlege nettsøknaden og går på ei godkjent trafikkflygarutdanning.