Forsørgjarstipend

Sist oppdatert: 04.04.2019
Du kan få forsørgjarstipend dersom du bur saman med barn født i 2004 eller seinare.

Du må ha minst 40 prosent samvær med barnet for å få stipendet. Mor og far kan få forsørgjarstipend samtidig.

Vilkår for å få forsørgjarstipend

  • Barnet må være født i 2004 eller seinere (16 år eller yngre)
  • Du må bo saman med barnet minst 40 prosent av tida
  • Stipendet er behovsprøvd. Inntekta og formuen for deg og ein eventuell ektefelle/samboer må være lågare enn grensene i forskrifta. Les meir om grensene og behovsprøvinga.

Dersom du er sambuar, og du og sambuaren din har barn saman, behandlar vi dykk som gifte. Har ikkje du og samboeren din barn saman, reknast ikkje sambuaren din si inntekt eller formue med i grunnlaget for forsørgjarstipend.

Har du ikkje den daglege omsorga for barnet, må du dokumentere at du har minst 40 prosent samvær. Du kan for eksempel sende inn kopi av samværsavtale.

Så mykje kan du få

Har du eitt barn, kan du få inntil 1 717 kroner i månaden. Har du to barn, kan du få inntil 1 717 kroner per månad for kvart av barna. Har du fleire enn to barn, kan du få inntil 1 118 kroner per månad for barn nummer tre, fire, osv.

Dersom du får foreldrestipend, kan du få forsørgjarstipend i tillegg som ein del av foreldrestipendet. Forsørgjarstipendet kan du få så lenge du er i utdanning, også etter at du har hatt ein periode med foreldrestipend. Hvis du får avslag på ein søknad om foreldrestipend, kan det vere at du har rett til vanleg stipend og lån med forsørgjarstipend i tillegg.

Eksempler på kor mykje du kan få avhengig av ektefelle / samboers inntekt

Inntekt*

1 barn

2 barn

3 barn

Mindre enn 411 968 kr

1 717 kr

3 434 kr

4 552 kr

420 000 kr

1 316 kr

3 033 kr

4 151 kr

440 000 kr

316 kr

2 033 kr

3 151 kr

435 000 kr

0

1 033 kr

2 151 kr

*Person- og kapitalinntekt for ektefelle / samboer med felles barn i 2019

Så mykje kan du få

Har du eitt barn, kan du få inntil 1 717 kroner i månaden. Har du to barn, kan du få inntil 1 717 kroner per månad for kvart av barna. Har du fleire enn to barn, kan du få inntil 1 118 kroner per månad for kvart av barna fleire enn to.

Dersom du får foreldrestipend, kan du få forsørgjarstipend i tillegg som ein del av foreldrestipendet. Forsørgjarstipendet kan du få så lenge du er i utdanning, også etter at du har hatt ein periode med foreldrestipend. Dersom du får avslag på ein søknad om foreldrestipend, kan det vere at du har rett til vanleg stipend og lån med forsørgjarstipend i tillegg.

Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få.

Her er ei oversikt med utrekning:

 

Antall barn fødde i 2004 eller seinare 

Beløp

Kor mykje du får til saman per månad for alle barna

1 barn

1 717 kr

1 717 kr

2 barn

1 717 kr + 1 717 kr

3 434 kr

3 barn

1 717 kr + 1 717 kr + 1 118 kr

4 552 kr

4 barn

1 717 kr + 1 717 kr + 1 118 kr + 1 118 kr

5 670 kr

Slik får du forsørgjarstipend

Du søkjer på vanleg måte om stipend og lån.

Dersom du skal søke om forsørgjarstipend etter at du har søkt om vanleg støtte, kan du sende oss ein e-post frå Dine sider, eller eit brev. Du må oppgi forventa inntekt for ektefellen eller sambuaren din. Søknadsfrista er innan 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemsesteret.

Når du søker om foreldrestipend, vurderer vi om du også har rett til forsørgjarstipend.