Basisstøtte

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Du kan få inntil 108 250 kroner i basisstøtte i undervisningsåret 2018–2019. Fulltidsstudentar kan få støtte til to ekstra veker i juni 2019, som ein del av opptrappinga til 11 månader med studiestøtte.

Basisstøtta blir gitt som lån. Støtta blir utbetalt månadleg, normalt den 15. kvar månad.

Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Stortinget har vedteke ein plan for å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 til 11 månader. Det skal skje over fire år, frå 2017 til 2020. For våren 2019 blir støtta trappa opp med 3 veker. Den eine av dei 3 vekene blir gitt under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2019.

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret.

Bur du borte?

Bur du ikkje heime, kan du få gjord om delar av lånet til stipend. Les meir om omgjering av lån til stipend. Den delen av lånet som kan bli gjord om til stipend heiter omgjeringslån. Les meir om forskjellen på bortebuer og hjemmebuer.

Bur du heime?

Bur du heime kan du ikkje få delar av lånet gjorde om til stipend.

Utbetalingsplan for hausten 2018

Utbetalingar haust 2018

Beløp

15. August

 kr 21 650

15. September

 kr 8 119

15. Oktober

 kr 8 119

15. November

 kr 8 119

15. Desember

 kr 8 119

Sum for semesteret

kr 54 125

Beløpa i tabellen føreset at du er i fulltidsutdanning heile semesteret og at du søkte om stipend og maksimalt lån. Studerer du på deltid, får du redusert basisstøtta.

Utbetalingsplan for våren 2019

Utbetalingar vår 2018

Beløp

15. Januar

 kr 21 650

15. Februar

 kr 8 119

15. Mars

kr 8 119

15. April

kr 8 119

15. Mai

kr 8 119

Sum for hele semesteret

kr 54 125

Beløpa føreset at du er heiltidsstudent, at du er i utdanning heile haustsemesteret og at du har søkt om stipend og maksimalt lån. Studerer du på deltid, får du redusert basisstøtte.

Utbetaling (del av 11 månders studiestøtte) Beløp
15. juni kr 8119

Stortinget har vedteke ein plan for å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 til 11 månader. Det skal skje over fire år, frå 2017 til 2020. For våren 2019 blir støtta trappa opp med 3 veker. Den eine av dei 3 vekene blir gitt under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2019.

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret.

Utbetalinga i juni gjeld ikkje

  • Studentar i deltidsutdanning
  • Studentar som berre tek utdanning i haustsemesteret
  • Elever på folkehøgskole
  • Elever i vidaregåande opplæring
  • Elever og studentar som allereie får støtte om sommaren etter andre ordningar

Utbetalingsplan hvis du berre har søkt om stipend

Utbetalingar haust 2018

Beløp

15. August

 kr 8 660

15. September

 kr 3 248

15. Oktober

kr 3 248

15. November

kr 3 248

15. Desember 

kr 3 248

Sum for semesteret                     

kr 21 650

Utbetalingar vår 2019

Beløp

15. Januar

 kr 8 660

15. Februar

 kr 3 248

15. Mars

 kr 3 248

15. April

 kr 3 248

15. Mai

 kr 3 248

15. Juni*

kr 3 248

Sum for semesteret*

kr 24 898

Sum, heile undervisningsåret*
kr 46 548

* Føreset at du har rett til støtte i 11 månader.  

Beløpa føreset at du er heiltidsstudent, at du er i utdanning heile haustsemesteret og at du har søkt om stipend og maksimalt lån. Studerer du på deltid, får du redusert basisstøtte.

Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Stortinget har vedteke ein plan for å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 til 11 månader. Det skal skje over fire år, frå 2017 til 2020. For våren 2019 blir støtta trappa opp med 3 veker. Den eine av dei 3 vekene blir gitt under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2019.

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret.

Omgjøringslån først, stipend etterpå

Når du berre søkjer om stipend, blir også støtta utbetalt som eit lån. Dette lånet blir kalla omgjeringslån og kan bli gjort om til stipend når du har bestått utdanning og vi har kontrollert inntekta og formuen din.

Vilkår for beløpa i tabellen

  • Beløpa gjeld dersom du er student og har fått innvilga støtte til fulltidsutdanning
    (30 studiepoeng per semester).
  • Heile basisstøtta blir utbetalt som lån.
  • Inntil 40 prosent av lånet ditt kan gjerast om til stipend.
  • Dersom søknaden blir behandla seint i semesteret, blir den første utbetalinga større.
  • Beløpa over er maksimal basisstøtte. Får du tildelt lån til skolepengar eller forsørgjarstipend kjem det i tillegg.
  • Har du fått innvilga støtte til skolepengar, vil du få det utbetalt saman med den første utbetalinga kvart semester.
  • Er du gift eller sambuar med felles barn, blir formuen din og formuen til din ektefelle/sambuar lagt saman.

Lånet er rentefritt når du er i utdanning

Det blir ikkje rekna renter av lånet så lenge du er i fulltidsutdanning og får pengar frå Lånekassen til utdanninga.

Studerer du på fulltid utan støtte frå oss, må du betale på studielånet ditt. Ynskjer du ikkje å betale på lånet medan du studerer, må du søkje om betalingsutsetjing.

Når du tek utdanning utan støtte frå oss, kan du ha rett til sletting av renter.