Ekstrastipend

Sist oppdatert: 29.08.2019
Elevar og studentar i høgare og anna utdanning som ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne, kan få ekstrastipend.

Det ekstra stipendet på 3 763 kroner per månad kjem i tillegg til ordinær studiestøtte frå Lånekassen. Dersom du studerer på deltid, blir ekstrastipendet redusert tilsvarande deltidsprosenten din.

Stipendet blir behovsprøvd

Det ekstra stipendet blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når likninga for det året du har fått støtte, er klar.

Krav til dokumentasjon

Dersom du allereie har søkt om ordinær støtte, kan du ettersende X-skjemaet.

Fyll ut skjemaet "Ekstra stipend for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (X-skjema). Du kan skrive ut skjemaet frå lanekassen.no/skjema.

Få legen din eller ein annan spesialist/fagperson med særleg kjennskap til di nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

  • har nedsett funksjonsevne
  • ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne

Dersom du søker om ekstra stipend på grunn av dysleksi, kan også logoped skrive under på skjemaet.

Send inn X-skjemaet til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Hugs at du først må ha sendt inn ein vanleg søknad om støtte på lanekassen.no, før du kan søke om ekstra stipend. Søknad om ekstrastipend må ha komme inn til Lånekassen innan 15. november for hausten, og innan 15. mars for våren.