Støtte om sommaren

Sist oppdatert: 16.08.2019
Elevar og studentar i høgare og anna utdanning som ikkje kan jobbe i sommarferien på grunn av nedsett funksjonsevne, kan få støtte i tolv månader.

Du kan altså få støtte i to ekstra månader om sommaren. Avsluttar du utdanninga i vårsemesteret, har du ikkje rett til støtte for sommaren etter.

Støtta blir behovsprøvd

Støtta blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når fastsettinga (likninga) for det året du har fått støtte, er klar.

Krav til dokumentasjon

Søknadsskjema (Y-skjema) for sommaren 2020 er ikkje klart enno. Det vil bli tilgjengeleg på denne sida og under "andre skjema" i midten av september.

Fyll ut skjemaet "Stipend og lån for sommaren for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (Y-skjema).  Få legen din til å stadfeste på skjemaet at du

  • har nedsett funksjonsevne
  • ikkje kan ha sommarjobb på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn Y-skjemaet til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Du må først ha sendt inn ein vanleg søknad om støtte på lanekassen.no for undervisningsåret som blir avslutta før sommaren du skal søkje om ekstra støtte for. Skal du for eksempel søkje om sommarstøtte i 2020, må du ha sendt inn ein vanleg søknad om støtte for undervisningsåret 2019-2020.