Støtte til forseinking

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Elevar og studentar i høgare og anna utdanning med funksjonshemming som blir forseinka utover eitt undervisningsår, kan få støtte.

Dersom læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden din ikkje er tilpassa funksjonshemminga di, kan du ha rett til støtte til forseinking utover 60 studiepoeng / eitt undervisningsår. Då blir heile basisstøtta, 10 825 kroner per månad, gitt som stipend.

Kan ikkje motta trygd samtidig

Dette stipendet er ikkje behovsprøvd, men det er ein føresetnad at du ikkje samtidig får trygd som er meint å dekkje livsopphaldet.

Krav til dokumentasjon

Dersom du søkjer om stipend til forseinking utover 60 studiepoeng / eitt undervisningsår, må du skrive eit brev til oss der du forklarer kvifor du søkjer om støtte til forseinking utover eitt år. Merk brevet med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt. Legg ved

  • dokumentasjon frå lærestaden din som viser at læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa funksjonsevna eller funksjonshemminga di
  • dokumentasjon frå Nav som viser at du ikkje får stønad til livsopphald
  • dokumentasjon frå lege eller ein annan fagperson som viser at du har ei funksjonshemming

Send inn brevet og dokumentasjonen til
Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Du må først ha sendt inn ein vanleg søknad om støtte, før du kan søkje om stipend til forseinking.