Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Sist oppdatert: 17.09.2019
I undervisningsåret 2019-2020 fortset opptrappinga frå 10 til 11 månader med studiestøtte. Dei fleste får den ekstra støtta utbetalt i juni.

Stortinget har vedteke ein plan om å gradvis trappe opp til 11 månader med studiestøtte. Opptrappinga skjer over fire år frå 2017 til 2020. 

Det er berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning eller fagskoleutdanning som får studiestøtte i 11 månader. Du må ha vore i utdanning i heile vårsemesteret for å få støtta.

Illustrasjonsbilde, opptrapping til 11 måneders studiestøtte

Dette får du

Stortinget har vedteke denne opptrappingsplanen for 11 månaders studiestøtte:

  • 10 månader + 1 veke for undervisningsåret 2016–2017
  • 10 månader + 2 veker for undervisningsåret 2017–2018
  • 10 månader + 3 veker for undervisningsåret 2018–2019
  • 11 månader for undervisningsåret 2019–2020

I juni 2020 får du utbetalt basisstøtte for ein heil månad, det vil seie 11 020 kroner. Får du andre typar støtte på vårsemesteret, til dømes ekstrastipend eller forsørgjarstipend, vil du kunne få det i tillegg. Føresetnaden for utbetalinga er at Stortinget  løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2019. Dette vil bli avgjort i desember 2019.

Du treng ikkje signere ein ny avtale om støtte for å få den ekstra utbetalinga, den kjem automatisk.

Studentar i utlandet kan få utbetalinga på andre tidspunkt enn juni.

Desse får ikkje ein ekstra månad med studiestøtte

  • Studentar i deltidsutdanning
  • Studentar som berre tek utdanning i haustsemesteret
  • Elever på folkehøgskole
  • Elever i vidaregåande opplæring
  • Elever og studentar som allereie får støtte om sommaren etter andre ordningar