Ordforklaringar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Begrep Forklaring
Arbeidsinntekt Vi bruker de opplysninger om inntekten (personinntekt) din som står på likningen. Dette henter vi inn automatisk.
Alminneleg inntekt Alminneleg inntekt er eit kalkylegrunnlag for skatt. Alminneleg inntekt er bruttoinntekt minus inntektsfrådrag.
Basisstøtte

Den delen av støtta til høgare og anna utdanning som skal dekkje vanleg livsopphald. Støtte til for eksempel skolepengar og reise kjem i tillegg. Kor stort beløp du får som basisstøtte, er avhengig av studiebelastninga di.

Behovsprøving

Inntekta og formuen din avgjer om du har rett til ein del stipend. Behovsprøving vil seie at vi sjekkar kor stor inntekt og formue du hadde i perioden med støtte, for å avgjere kor mykje stipend du har rett til. Det er eigne inntektsgrenser for trygdeytingar.

Behovsprøving på vidaregåande

Inntekta til forsørgjarane dine avgjer om du har rett til grunnstipend og lån. Behovsprøving vil seie at vi sjekkar kor stor inntekt forsørgjarane dine har, for å avgjere om du får grunnstipend og lån. Dersom du får trygdeytingar eller lærlinglønn, har det også noko å  seie for kor mykje grunnstipend du får.

Bortebuar

Å vere bortebuar vil seie  at du ikkje bur saman med foreldra dine, og at Lånekassen har godteke at du fyller  vilkåra  for å få støtte som bortebuar. Les under Bustipend dersom du går på vidaregåande. Les under Omgjeringslån dersom du går på høgare eller anna utdanning.

Bostipend
(forelever med ungdomsrett i vidaregåande opplæring)

Dersom du må bu borte frå foreldra dine, kan du få eit bustipend. Dette stipendet er ikkje behovsprøvd mot inntekt og formue. Du må oppfylle nokre vilkår for å få dette stipendet.

Delstudium

Tek du delar av utdanninga di i utlandet, blir det rekna som delstudium.  Det er eigne reglar for støtte til delstudium.

Deltidsutdanning

Du tek deltidsutdanning dersom du tek færre fag/kurs/studiepoeng enn det som er rekna som utdanning på fulltid.

Flyktningstipend

Dersom du er flyktning i vidaregåande opplæring, kan du få flyktningstipend. Du får ikkje meir pengar, men du får heile beløpet som stipend.

Formue

Vi bruker dei opplysningane om nettoformuen din som står på likninga for det året du fekk støtte.  Netto formue er verdien av det du eig, minus den totale gjelda di (for eksempel verdien av hus og bankinnskot minus gjelda til Lånekassen og huslånet).

Formuegrense

Fastsett grense for kor stor formuen din kan vere utan at stipendet blir redusert.  Er formuen din høgare enn grensa, får du mindre stipend.

Forseinking Lånekassen reknar deg som forseinka i utdanninga dersom du ikkje har fullført dei studia/kursa/faga som du har fått støtte til. Du kan vere forseinka med inntil eitt år/60 studiepoeng og likevel få støtte.
Forseinkingrentar

Betaler du betalar rekninga for seint, reknar vi forseinkingsrenter på det beløpet du skulle ha betalt. Renta blir lagt til beløpet du skyldar frå første dag etter betalingsfristen og fram til du betaler rekninga di. Forseinkingsrentene kjem i tillegg til purregebyret.

Forsørgjarstipend

Dersom du har barn du forsørgjer, kan du få ekstra stipend. Stipendet blir behovsprøvd.

Foreldrestipend

Stipend som elevar og studentar kan få, dersom dei får barn under utdanninga. I ein periode på inntil 44 veker blir all støtte gitt som stipend.

Gebyrstipend Gammalt omgrep. Sjå Skolepengestøtte
Grunnstipend

Grunnstipendet er meint å vere eit bidrag til å dekkje levekostnader for elevar frå familiar med svak økonomi. Formålet med stipendet er at alle elevar skal ha moglegheiter til å ta vidaregåande opplæring, uavhengig av den økonomiske situasjonen til familien. Stipendet blir behovsprøvd mot forsørgjarane si inntekt.

Høgare og anna utdanning

Du får støtte etter regelverket for høgare og anna utdanning dersom du går på universitet, høgskole, fagskole, folkehøgskole, vidaregåande opplæring utan ungdomsrett og andre utdanningar.

Inntektsgrense

Inntektsgrense er ei fastsett grense for kor stor inntekt du kan ha. Tener du meir enn dette, får du mindre stipend.

Karenstid

Blir du sjuk, kallar vi  dei første 14 dagane  av sjukdomsperioden karenstid. For denne perioden får du ikkje sjukestipend. Du kan få sjukestipend frå og med dag 15.

Konvertering Gammalt omgrep. Sjå Omgjering.
Kvoteprogram

Dette er spesielle reglar  for støtte til studentar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, land i Øst-Europa og Sentral-Asia.

Læremiddelstipend

Gammal type stipend. Erstatta av Utstyrsstipend.

Lån

Pengar du får som du har forplikta deg til å betale tilbake.

Lån til skolepengar

Ekstra lån til å dekkje skolepengar til utdanning i Noreg og Norden.

Likningskontroll

Kontroll i ettertid av inntekta og formuen din. Lånekassen hentar likninga di frå skatteetaten og sjekkar om beløpa er innanfor grensene. Har du inntekt/formue over grensene, får du mindre stipend.

Lærestad

Lærestad er eit ord som kan bety både skole, universitet, høgskole og alle andre stader du kan vere elev eller student.

Normert studietid

Den tida ei utdanning eller eit kurs er godkjent for, i forhold til talet på studiepoeng/årstimar.  For eksempel er normert tid for ein bachelorgrad tre år.

Omgjering

Studentar i høgare og anna utdanning kan få ein del av lånet gjort om til stipend etter beståtte eksamenar. Dette skjer i ettertid og reduserer gjelda di. Sjå Omgjeringslån.

Omgjeringslån

Basisstøtta du får etter reglane for høgare og anna utdanning, blir først utbetalt som lån. Den delen av lånet som kan bli gjord om til stipend, heiter omgjeringslån. For å få omgjort lån til stipend må du vere bortebuar og bestå eksamen.

Ordinært lån

Ordinært lån er lån som til vanleg ikkje kan bli gjort om til stipend. Basisstøtta du får etter reglane for høgare og anna utdanning, blir først utbetalt som lån. Ein del av basisstøtta kan bli gitt som omgjeringslån,  medan resten blir gitt som ordinært lån.

Person- og kapitalinntekt

Summen av alle inntektene dine før frådrag.

Reisestipend

Ekstra stipend til reise mellom lærestad og heimstad eit par gonger i året. Stipendet blir rekna ut frå ein fast kilometersats. Det er ulike reglar for elevar i vidaregåande med ungdomsrett og studentar i høgare og anna utdanning.

Rettighetsbasert videregående opplæring

Betyr at du er i vidaregåande opplæring med ungdomsrett. Sjå Ungdomsrett.

Skolepengestøtte

Støtte til skolepengar ved utdanning i utlandet (ikkje Norden). Dette er både stipend og lån. Sjå også Tilleggsstipend.

Språkstipend

Stipend til studentar som skal studere i utlandet, og som tek språkkurs før fagutdanninga, fordi undervisninga blir gitt på eit anna språk enn engelsk.

Stipend

Pengar du får frå Lånekassen, som du ikkje treng å betale tilbake. Stipend kan i somme tilfelle bli gjort om til lån i ettertid.

Sjukestipend

Omgjering av lån til stipend på grunn av sjukdom. Det er fleire vilkår du må oppfylle for å få sjukestipend, blant anna må du ha vore heilt eller delvis ute av stand til å følgje undervisning i meir enn 14 dagar.

Tilleggsstipend

Eit ekstra stipend til somme utdanningar i utlandet der skolepengane er høge.

Tilretteleggingssemester

Semester med opplæring i språk og samfunnsfag for studentar som skal ta ei gradsutdanning i eit land som ikkje er engelskspråkleg. Det er spesielle reglar for å få støtte til  eit slikt  semester.

Ungdomsrett

Etter at du har fullført grunnskolen eller tilsvarande, har du rett til tre år i vidaregåande opplæring (kan utvidast dersom du for eksempel blir lærling). Ungdomsretten din har du etter § 3-1 i opplæringslova. Du må bruke denne retten innan fem år etter avslutta grunnskole.

Utdanningsstipend Det stipendet du får når omgjeringslånet har blitt til stipend på grunnlag av bestått utdanning og likningskontroll.
Utstyrsstipend

 Blir gitt til elevar i vidaregåande opplæring. Stipendet er eit bidrag til kjøp av nødvendig individuelt utstyr. Det er tre ulike satsar, avhengig av utdanningsprogram. For å få stipendet, må eleven ha ungdomsrett (rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1).

Utdanningsstøtte / støtte

Alle typar stipend og lån du kan få frå Lånekassen. Støtte betyr pengar, uansett om det er lån eller stipend.

Vanleg vidaregåande opplæring

Dersom du går på vidaregåande og har ungdomsrett, blir søknaden din vurdert etter regelverket for vanleg vidaregåande opplæring. Dersom du ikkje har ungdomsrett, blir søknaden vurdert etter regelverket for høgare og anna utdanning.