Slik fungerer omgjering av lån til stipend

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
For å få omgjort lån til stipend må du vere bortebuar, ha inntekt og formue under grensene og ha bestått utdanninga di.

For å kunne få omgjort lån til stipend, er det ein føresetnad at du har eit omgjeringslån. Du får eit omgjeringslån når du får utdanningsstøtte frå oss og har opplyst at du ikkje bur saman med foreldra dine. Dersom du er usikker på om du har fått omgjeringslån, kan du sjekke det på Dine sider.

Vi kontrollerer om du har hatt inntekt, formue eller trygd over grensene våre så snart vi får opplysningar om dette frå skatteetaten. Har du hatt inntekt, formue eller trygd under grensene, kan du få full omgjering for året vi har kontrollert. Dersom du beløpa er høgare enn grensene, reduserer vi beløpet du kan få gjort om til stipend.

Etter at kontrollen av inntekt og formue er gjennomført, sjekkar vi kor mykje utdanning du har bestått, og omgjer lån til stipend på grunnlag av det. Ein student i fulltidsutdanning må bestå 30 studiepoeng eller tilsvarande per semester for å få fullt stipend. Dersom du har vore sjuk eller fått barn, kan du få omgjering sjølv om du ikkje har bestått like mykje utdanning som du har fått støtte til.

Du får eit vedtaksbrev på Dine sider som gjeld både omgjeringa og kontrollen av inntekt og formue.

Meir om vilkåra

Vilkår 1: Ikkje bu saman med foreldra dine

Du må vere bortebuar for å få omgjeringslån. Med bortebuar meiner vi at du ikkje bur i same hus som foreldra dine og heller ikkje i ei bueining som høyrer til huset der foreldra dine bur.

Du kan ikkje få omgjeringslån dersom du bur i ei eiga bueining i huset til foreldra dine eller betaler husleige heime.

Du kan heller ikkje få omgjeringslån dersom du bur i eit hus, anneks eller annan type bustad som står på same eigedom som huset til foreldra dine, då dette blir rekna som å høyre til huset til foreldra.

Unntak frå regelen

Bur du og foreldra dine i kvar dykkar bueining i eit hus med fem eller fleire sjølvstendige og klart fråskilde bueiningar, kan du få omgjeringslån. Er du gift eller har barn du bur saman med, får du omgjeringslån sjølv om du bur saman med foreldra dine.

Det er ikkje noko krav om at du må melde flytting til folkeregisteret for å bli rekna som bortebuar.

Vilkår 2: Du må bestå utdanninga

Heile omgjeringslånet kan bli til stipend dersom du består all utdanninga du har fått støtte til. Dersom du ikkje består alle faga dine, kan delar av omgjeringslånet bli til stipend.

Om du ikkje består alt i første omgang, men består fleire fag seinare, kan du få gjort om lån til stipend i inntil fire år etter at du fekk omgjeringslånet.

I somme tilfelle kan du få omgjortering av lån til stipend sjølv om du ikkje har bestått utdanning.

Dette gjeld dersom:

  • du har fått sjukestipend.
  • du har fått foreldrestipend.
  • du har blitt forseinka på grunn av funksjonshemming.
  • du har hatt tillitsverv på fulltid i minst tre månader i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon.
  • du har hatt praksis i frivillig studentdrive rettshjelptiltak og derfor har fått fritak for studiepoeng.

Du kan også få omgjort lån til stipend dersom du har søkt om sjukestipend, men fått avslag fordi du får for høge sjukepengar frå Nav.

Vilkår 3: Inntekt, trygd og formue innanfor grensene

Inntekta og formuen din avgjer kor mykje lån du kan få omgjort til stipend.

Dersom du har personinntekt, kapitalinntekt, trygd, pensjon eller formue som overstig dei fastsette grensene i forskrifta, får du mindre stipend. Dersom du har inntekt i form av trygd eller pensjonsytingar, er inntektsgrensene lågare enn dei som gjeld for personinntekt og kapitalinntekt.

Vi bruker tala vi får frå skatteetaten når dei sender oss opplysningar frå skattefastsettinga (likninga) di. Lånekassen tek ikkje stilling til korleis fastsettinga er rekna ut.

Er du gift, eller har sambuar som du har felles barn med, blir stipendet behovsprøvd mot den samla formuen dykkar.