Slik fungerer omgjering for anna utdanning

Sist oppdatert: 13.09.2019
Inntil 40 prosent av basisstøtta du har fått kan bli gjort om til stipend når du har bestått studiepoeng.

For å få gjort om lån til stipend, må du oppfylle nokre vilkår. Du kan ikkje bu saman med foreldra dine eller ha inntekt, trygd eller formue over grensene. Du må også bestå studiepoenga du har fått støtte til.

Du får omgjeringslån når du får støtte til utdanning

Når du får tildelt lån og stipend, får du basisstøtte. Denne støtta omfattar ikkje andre stipend og lån, som for eksempel skolepengelån eller forsørgjarstipend. 60 prosent av basisstøtta er eit vanleg lån, som du uansett må betale tilbake. 40 prosent er eit omgjeringslån, som kan bli gjort om til stipend etter kvart som du består studiepoeng.

Du kan sjå kor mykje du kan få omgjort i vedtaksbrevet om støtte eller under «omgjering» på Dine sider.

Når skjer omgjeringa?

Vi må kontrollere inntekta og formuen din før vi kan gjere om lån til stipend. Vi får automatisk tilsendt opplysningar om inntekta og formuen din frå skatteetaten kvart år når fastsetjinga (likninga) er klar. Vi kan derfor ikkje kontrollere inntekta di for 2019 før sommaren/hausten 2020. Det betyr at du får gjort om lån til stipend året etter du fullførte utdanninga din.

Har du inntekt over grensene, blir delar av omgjeringslånet ditt gjort om til vanleg lån, som ikkje kan bli til stipend.

Du kan halde oversikta over kor mykje lån du har som kan bli gjort om til stipend på Dine sider under «omgjering».

Du må fullføre utdanninga på normert tid for å få full omgjering

Får du for eksempel støtte til to års fagskoleutdanning og består utdanninga, får du gjort om omgjeringslån for to år. Blir du forseinka i utdanninga di, og for eksempel bruker tre år på å gjennomføre den toårige utdanninga, vil du ikkje få gjort om lån til stipend for det året du brukte ekstra.

Kva er rekna som anna utdanning?

Du tar anna utdanning når du er:

  • student ved fagskole
  • elev ved folkehøgskole
  • elev som tar vidaregåande skole utan ungdomsrett
  • elev som tar grunnskole for vaksne
  • student som tar forkurs ingeniør
  • elev ved bibelskole
  • elev som tar yrkessjåførutdanning

Kva er eit omgjeringslån?

Eit omgjeringslån er den delen av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend, og tilsvarer 40 prosent av basisstøtta. Du må vere bortebuar for å få omgjeringslån. Du får informasjon om kor mykje omgjeringslån du har fått i vedtaksbrevet om stipend og lån. Lurer du på kor mykje lån du har fått gjord om til stipend, finn du dette på Dine sider.

Kva skjer om eg blir forseinka?

Blir du forseinka i utdanninga di, vil dette påverke omgjeringa frå lån til stipend.

Les meir om kva som skjer dersom du blir forseinka her.

Får eg omgjering dersom eg ikkje har bestått alt?

Har du fått støtte til fulltidsutdanning både i haust og- vårsemesteret i undervisningsåret 2019-2020, må du bestå utdanning tilsvarande 60 studiepoeng for å kunne få heile omgjeringslånet ditt gjort om til stipend. Dersom du til dømes berre består 30 studiepoeng, kan du berre få halve omgjeringslånet gjort om til stipend.

I nokre tilfelle kan du få omgjort av lån til stipend sjølv om du ikkje har bestått utdanning.

Det gjeld dersom

  • du har fått sjukestipend
  • du har fått foreldrestipend
  • du har blitt forseinka på grunn av funksjonshemming
  • du har hatt tillitsverv på fulltid i minst tre månader i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon
  • du har hatt praksis i frivillig studentdriven rettshjelp og derfor har fått fritak frå bestemde studiepoeng

Du kan også få gjort om lån til stipend dersom du har søkt om sjukestipend, men fått avslag fordi du får for høge sjukepengar frå Nav.

Må eg sende inn dokumentasjon på at eg har bestått?

Lånekassen får automatisk melding om kor mange studiepoeng/årstimar du har bestått frå lærestader i Noreg. Derfor treng du ikkje å sende oss noko for å dokumentere at du har bestått.

Har du tatt eit delstudium i utlandet, må du sende eksamensresultata til din norske lærestad, som vil rapportere desse vidare til Lånekassen.

Studerer du utlandet, må du sende inn eksamensresultata til oss fordi vi ikkje får resultata dirkete frå utanlandske lærestader. .

Kvifor har eg fått ei rekning?

Du vil få rekning frå oss før all omgjeringa er gjort. Det er fordi vi må vente på opplysningar om fastsetjinga (likninga) som kjem året etter du at har avslutta utdanninga di. Du må enten betale rekningane frå oss, eller søkje om betalingsutsetjing.

Har du fått lån i 2019 som kan bli gjort om til stipend, og du innfrir lånet før omgjeringa skjer, kan du få tilbakebetalt det beløpet som kunne vore gjort om til stipend når omgjeringa skjer sommaren/hausten 2020.

Rentene som er blitt lagt til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta.

Eg har fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue. Har du hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller deler av desse stipenda bli gjort om til lån.