Omgjering for studentar i anna utdanning

Sist oppdatert: 05.04.2019
For deg som tek anna utdanning, for eksempel fagskole eller folkehøgskole, vil du få omgjort lån til stipend når du består studiepoeng undervegs i studieløpet.

Kva skal til for å få gjort om lån til stipend

1. Du må være bortebuar
Bur du saman med foreldra dine, får du ikkje gjort om lån til stipend.

Les om kven som er rekna som bortebuar.

2. Du må ha inntekt, formue og trygdeinntekter under grensene
Vi kontrollerer inntekta din kvart år. Er inntekt, formue eller trygda di over grensene, blir beløpet du kan få gjort om til stipend redusert. Du får eit vedtaksbrev frå oss på Dine sider når vi har kontrollert inntekta di.

Les meir om grensene for inntekt, formue og trygd.

3. Du må bestå studiepoeng undervegs
Inntil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjort om til stipend viss du består studiepoeng. Du må bestå like mange studiepoeng som du har fått støtte til for å få full omgjering.

Les meir om korleis omgjering fungerer.

Studentar i Norge treng ikkje å sende inn noko

Lånekassen får opplysningar om beståtte studiepoeng frå lærestaden din, og om inntekt og formue frå skatteetaten. Du treng derfor ikkje sende inn noko sjølv.

Har du studert i utlandet, må du sende inn kopi av vitnemålet ditt når du har fullført heile graden.

Når skjer omgjeringa?

Inntekt og formue er avgjerande for kor mykje av lånet ditt som kan gjerast om til stipend. Derfor kan du ikkje få gjort om lån før vi får opplysningar om inntekt og formue frå skatteetaten, året etter at du fekk støtte.

Kva skjer om eg blir forseinka?

Blir du forseinka i utdanninga di, vil dette påverke omgjeringa frå lån til stipend.

Les meir om kva som skjer dersom du blir forseinka her.

Kvifor har eg fått ei rekning?

Du vil få rekning frå oss før all omgjeringa er gjort. Det er fordi vi må vente på opplysningar om fastsetjinga (likninga) som kjem året etter du at har avslutta utdanninga di. Du må enten betale rekningane frå oss, eller søkje om betalingsutsetjing.

Har du fått lån i 2019 som kan bli gjort om til stipend, og du innfrir lånet før omgjeringa skjer, kan du få tilbakebetalt det beløpet som kunne vore gjort om til stipend når omgjeringa skjer sommaren/hausten 2020.

Rentene som er blitt lagt til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta.

Eg har fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue. Har du hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller deler av desse stipenda bli gjort om til lån.