Du får rekningar før du får den siste omgjeringa

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Når du har avslutta utdanninga, får du rekningar frå oss før du har fått den siste omgjeringa av lån til stipend.

At vi må vente på opplysningar frå skattefastsettinga (likninga) som kjem om hausten året etter at du avslutta utdanninga di, er spesielt viktig for deg som avsluttar utdanninga. Du vil nemleg få krav om å betale ned på lånet før den siste omgjeringa er utført. Du må då anten betale rekningane frå oss, eller søkje om betalingsutsetjing.

Har du fått lån i 2017 som kan bli gjort om til stipend, og du innfrir lånet før omgjeringa skjer, kan du få refundert (tilbakebetalt)  stipendbeløpet når omgjeringa skjer hausten 2018.

Rentene som er lagde til på stipendbeløpet, blir automatisk sletta.