Inntil 40 prosent av basisstøtta di kan bli gjort om til stipend. Omgjeringa skjer automatisk.
Vi gir i utgangspunktet all basisstøtte, pengar du skal leve av og bu for, som lån. Men du kan få gjort om delar av dette lånet til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine under utdanninga di, har inntekt og formue under grensene og består utdanning. Den delen av basisstøtta som seinare kan bli omgjort til stipend, blir kalla omgjeringslån.
Omgjeringa skjer i november
Inntekt og formue er avgjerande for kor mykje av lånet ditt som kan gjerast om til stipend. Derfor må vi vente på opplysningar om inntekt og formue som vi får frå skatteetaten, året etter at du fekk støtte.
Vi får opplysningane for 2017 tilsendt frå skatteetaten hausten 2018.
- Omgjering for utdanning bestått i 2017 skjer hausten 2018
- Omgjering for utdanning bestått i 2018 skjer i 2019
Du får eit vedtaksbrev når omgjeringa er utført, med oversikt over kor mykje av lånet ditt som er gjort om til stipend. Omgjeringa skjer automatisk, men studerer du i utlandet må du sjølv sende inn resultata dine.
Meir detaljert informasjon om omgjeringa, finn du her.
Vilkår for omgjering av lån til stipend
- Du kan ikkje bu saman med foreldra dine. Det er berre bortebuarar som får omgjeringslån, som er den delen av basisstøtta som kan bli gjort om til stipend.
- Du må ha inntekt og formue under grensene. For 2018 er inntektsgrensa for studentar som har fått støtte heile året 177 257 kroner. Det er eigne grenser for trygdeinntekter.
- Du må bestå utdanning. For å få full omgjering av lån til stipend må du bestå den utdanninga du har fått støtte til. Du kan få gjort om lån til stipend for utdanninga du har bestått, sjølv om du ikkje har bestått alt du har fått støtte til.
Skal du avslutte utdanninga di?
At vi må vente på opplysningane om inntekt og formue som kjem om hausten året etter at du avslutta utdanninga din, er spesielt viktig for deg som skal avslutte utdanninga. Du vil nemleg få krav om å betale ned på lånet før den siste omgjeringa er utført. Du må anten betale rekningane frå oss, eller søkje om betalingsutsetjing.
Spørsmål og svar om omgjering