Slik søkjer du

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Kvotestudentane skal søkje om støtte på nettet.

Som kvotestudent skal du bruke denne søknaden (logg inn med for eksempel MinID). Lærestaden din vil stadfeste at du er teken opp på kvoteprogrammet når søknaden din blir send til Lånekassen.

Det blir ikkje teke opp nye kvotestudentar

Kvoteordninga vil bli gradvis avvikla frå hausten 2016. Det vil ikkje bli teke opp nye kvotestudentar frå og med haustsemesteret 2016. Studentar som allereie er i gang med ei utdanning under kvoteordninga, vil ha rett til å fullføre utdanninga med støtte frå Lånekassen.