Reiser

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Du kan få tilskott til årleg heimreise, feltarbeid i heimlandet og endeleg heimreise.

Slik søkjer du

For å søkje om tilskott til reise må du må fylle ut Q-skjema. Du får skjemaet på lærestaden din. Lærestaden må stadfeste informasjonen på skjemaet.

Dersom du skal søkje om tilskott til feltarbeid i heimlandet, må du leggje ved stadfesting frå rettleiar eller annan fagansvarleg som dokumenterer at feltarbeidet er godkjent og ein nødvendig del av utdanninga di i Noreg. Omfanget av feltarbeidet (frå- og til-dato) må gå fram av stadfestinga.

Vilkår for reisetilskott

Årleg heimreise

Du kan få tilskott til ei heimreise i året når utdanninga i Noreg har vart i minst eitt år. Startar du utdanninga i vårsemesteret, kan du få tilskott til heimreise når utdanninga har vart i eitt semester eller meir.

Tilskott til årleg heimreise kan bli gitt uavhengig av når på året du vel å reise, dersom lærestaden godkjenner fråværet. Det er eit vilkår at du ikkje har vore på feltarbeid i semesteret før, eller skal på feltarbeid i semesteret etter.

Feltarbeid i heimlandet

Dersom feltarbeid i heimlandet ditt inngår i utdanninga, kan du få tilskott til ei tur-retur-reise. Det blir gitt støtte til utvida studieår dersom feltarbeidet må bli gjennomført om sommaren, men berre for den perioden feltarbeidet varer.

For at ei reise til heimlandet skal bli godkjend som eit feltarbeid, er det eit krav at du faktisk skal samle inn (kjelde)materiale i heimlandet. Du må derfor leggje ved ei stadfesting frå rettleiar eller annan fagansvarleg.

Endeleg heimreise

Du kan få tilskott til endeleg heimreise etter avslutta utdanning i Noreg.

Tabell:  Reisesatsar utanfor Norden

Til reise éin veg (gjeld innreise og endeleg heimreise) i Europa og landa i Sentral-Asia vest for Uralfjellene, får du tilskott til reise tilsvarande satsen i tabellen nedanfor. Til reise éin veg utanfor Europa, med unntak av landa i Sentral-Asia vest for Uralfjellene, får du ein og ein halv gonger satsen i tabellen nedanfor. Ved reise tur-retur får alle to gonger satsen i tabellen nedanfor. Reisestøtta blir gitt som 30 % lån og 70 % stipend.

Reisesone

Sats for tilskott

Stipend (70%)

Lån (30%)

Europa

NOK 1 232

NOK 862

NOK 370

Afrika

NOK 5 060

NOK 3 542

NOK 1 518

Asia

NOK 4 227

NOK 2 959

NOK 1 268

Nord- og Mellom-Amerika

NOK 4 593

NOK 3 215

NOK 1 378

Sør-Amerika

NOK 5 881

NOK 4 117

NOK 1 764

Oseania

NOK 6 701

NOK 4 691

NOK 2 010

I tillegg kan du få reisestipend frå lærestaden din til Oslo.