Om kvoteordninga

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Kvoteordninga blir gradvis avvikla frå og med undervisningsåret 2016-2017

Kvoteordninga vil bli gradvis avvikla frå hausten 2016. Det vil ikkje bli teke opp nye kvotestudentar frå og med haustsemesteret 2016. Studentar som allereie er i gang med ei utdanning under kvoteordninga, vil ha rett til å fullføre utdanninga med støtte frå Lånekassen.

For å få vite kva institusjonar og utdanningar som kjem inn under kvoteordninga, kan du ta kontakt med Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) eller universiteta og høgskolane i Noreg.

For å få stipend og lån frå Lånekassen må du ha

  • plass på kvoteprogrammet ved ein norsk lærerstad
  • opphaldsløyve i Noreg for å ta utdanning
  • som plan at du skal bruke utdanninga i heimlandet

Spesielle reglar for tilbakebetaling

Dersom du har fått lån frå Lånekassen til ei utdanning som inngår i kvoteprogrammet, kan du søkje om å få sletta studiegjelda di når du flytter tilbake til heimlandet ditt og blir buande der. Du vil få tilsendt informasjon om korleis du søkjer. Før du flytter heim, må du hugse å gi Lånekassen adressa di i heimlandet.

Dersom du blir buande i Noreg i ein periode etter avslutta utdanning, eller du ikkje får utdanningsstøtte frå Lånekassen for heile perioden, må du melde frå til Lånekassen når du reiser heim.

Dersom du buset deg i Noreg eller i eit anna land enn heimlandet ditt, får du ikkje sletta gjelda di. Då må du betale lånet ditt tilbake.