Forsørgjarstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan få forsørgjarstipend for barn født i 2002 eller seinare. Det er eit vilkår at du bur saman med barnet i Noreg.

Dersom du bur med ektefellen/sambuaren/partnaren din, er retten til forsørgjarstipend avhengig av kor mykje ho/han har i årsinntekt (person- og kapitalinntekt).

Slik søkjer du om forsørgjarstipend

Det er ikkje eit eige søknadsskjema for å søkje om forsørgjarstipend. Du må laste opp dokumentasjonen som vedlegg til nettsøknaden eller ettersende den i posten via lærestaden din.

Dokumentasjon

  • Fødselsattest for barn født i Noreg, eller
  • Kopi av opphaldsløyve i passet som viser når barnet kom til Noreg og kopi av vedtak frå UDI som viser grunnlaget for barnet sitt opphaldsløyve i Noreg.

Les meir om forsørgjarstipend.