Foreldrestipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Får du barn medan du går på eit kvoteprogram, kan du få foreldrestipend.

Foreldrestipend vil seie at du får heile støttebeløpet utbetalt som stipend. Du kan få foreldrestipend i inntil 49 veker, tre veker før fødsel og 46 veker etter. I tillegg kan du ha rett til forsørgjarstipend.

Vilkår for foreldrestipend ved fødsel og adopsjon

Vilkåra for å få foreldrestipend ved fødsel og adopsjon er at du har plass på kvoteprogrammet og i tillegg

  • har hatt rett til stipend eller lån frå Lånekassen dei siste fire månadene før fødselen/adopsjonen.
  • bur saman med barnet.
  • at ein eventuell ektefelle eller sambuar ikkje samtidig får foreldrepengar frå folketrygda. Det blir gjort unntak ved bruk av ordninga med graderte foreldrepengar.

Les meir om korleis du søkjer om foreldrestipend her.

Permisjon frå utdanninga

Du kan ha rett til foreldrestipend dersom du tek permisjon frå utdanninga, men det er eit vilkår at du får behalde kvoteplassen i permisjonstida. Blir du teken ut av kvoteprogrammet i permisjonstida, misser du retten til foreldrestipend.

Skal du ta permisjon tidlegare enn tre veker før fødselen, må det vere på grunn av sjukdom eller av faglege årsaker.

Ikkje utvida studietid utover eitt år på grunn av fødsel/adopsjon

Kvotestudentar som får barn i studietida, har ikkje rett til støtte til forseinking i meir enn eitt år, sjølv om forseinkinga skuldast fødsel/adopsjon.

Les meir om foreldrestipend.